INFO FOR BEDRIFT

Retningslinjer og ansvarsfordeling mellom Pro Opplæringskontoret og tilslutta bedrifter.

Opplæringskontoret (Pro) er eit servicekontor for medlemsbedriftene.
Pro er medlemsbedriftene sitt servicekontor for å effektivisere ein god fagleg opplæring av lærlingar. Bedriftene er ansvarlege for å gi opplæring etter lærefaga sine opplæringsplanar.

Der Pro finner det nødvendig pga. einsidig arbeid, innskrenkingar o.l., vil Pro være hjelpeleg med omplassering. Medlemsbedriftene er solidarisk ansvarleg for fullføring av lærekontrakta.
Lærlingane er arbeidstakarar i bedriftene dei til ein kvar tid er plassert i med rettigheitar og plikter som følgjer gjeldande lover og tariffavtale.

Pro utfører på vegne av medlemsbedriftene blant anna følgjande oppgåver:

  • Utfyller lærekontrakter og sender desse til Utdanningsetaten for godkjenning.
  • Melder lærlingar til obligatorisk teoriundervisning.
  • Melder lærlingar opp til fag/sveineprøve i samsvar med ynskje frå medlemsbedrift og lærling
  • Orienterer medlemsbedriftene om opplæringslova og anna gjeldane regelverk
  • Oppfølging av læreforholdet med kontroll av opplæringsplan.

Medlemskap

Medlem i Pro er bedrifter som driv verksemd og opplæring i prosessfag og/eller mekanisk industri. Søknad om medlemskap skal rettast skriftleg til Pro, og handsamast på førstkommande styremøte. Retningslinjer for medlemskap finn ein i vedtektene. Styret avgjer om medlemskap kan tilbyds. Som medlem/eigar er ein å rekne når medlemskap er godkjent av styret og når Pro har teikna første lærekontrakt der lærlingen er i lære i bedrifta, og når ein har tilslutta seg vedtektene gjennom å underteikne samarbeidsavtale.

Formidling av lærlingar

Intensjonsavtalar om læreplassar i bedrift må være forankra i bedrifta sitt reelle rekrutteringsbehov på lang sikt. Det tar minimum fire år å utdanne ein fagarbeidar og målet er derfor at vi i fellesskap utarbeidar
intensjonsavtalane som ein del av rekrutteringsarbeidet. Dette vil gjere oss i stand til å arbeide i eit seksårs perspektiv. Dette vil gjere oss i betre stand til å påverke ungdom til å velje våre fagretningar.

Fagleg ansvarleg

Det skal oppnemnast fagleg ansvarleg for alle lærlingane i alle bedriftene innafor kvart fag. Den fagleg ansvarlege er den som har tilsynet med at opplæringa vert gjennomført på ein fagleg god måte.

Den fagleg ansvarlege må være ein fagleg kvalifisert person, med brei erfaring i faget, helst med fagbrev i faget, men lang erfaring i faget kan og bli godkjent. Det vil derfor kunne godkjennast faglege leiarar som har minimum 6 års allsidig praksis i faget.Fagleg ansvarleg har ansvar for å sette opp ein opplæringsplan som sikrar at lærlingen får opplæring i gjeldane læreplan for faget. ref. Opplæringslova § 4-3 , samt forskriftene § 11-1.

Bedrifter som er medlemmer av Pro opplæringskontoret per i dag kan du sjå ved å trykke her

Ynskjer du meir informasjon, ta kontakt med Pro opplæringskontoret. -Kontaktinformasjon trykk her-

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde