Dataelektronikarfaget

Ein dataelektronikar kan få arbeid i mange typar små og store bedrifter i dei fleste delar av nærings- og arbeidslivet. Viktige oppgåver er installasjon, drift og vedlikehald av ulike elektroniske system, datasystem og nettverk, bruk og behandling av utstyr, programvare, informasjon og data, oppretting av kommunikasjon mellom ulike typar utstyr og system, arbeid med sikkerheit, feilsøking og kommunikasjonsproblematikk, rådgiving overfor kunde i val og bruk av utstyr og system og utarbeiding av kundetilpassa dokumentasjon Du bør vere interessert i utvikling og ny teknologi og ha gode haldningar med omsyn til personvern og etikk. Du skal kunne ta initiativ, arbeide effektivt og vise god vurderingsevne. Du bør vere sørvisinnstilt og kunne lytte til kunden sine ønskje og behov.

Avery Dennison NTP

Ein lærling hos Avery Dennison NTP AS er med på å produsere Paris Saint-German-logoen på trøya til Zlatan Imbrahimovic. Hugo Boss og Calvin Klein, Nike og Adidas står også på den eksklusive kundelista til NTP i Gaupne.

Elkem

Elkem Bremanger er ei internasjonal høgkompetansebedrift med kundar innan elektronikk, solceller, vindmøller og bilindustri. Bedrifta er delt i to forretningsområde; eit støyperi (foundry) og ein produksjonshall for silisium (Silicon Materials).

Ewos

Fiskeoppdrett har vorte ein av dei største og viktigaste næringane langs Norskekysten. Oppdrettsfisk treng fôr. Og fôrprodusenten treng lærlingar. EWOS er den største norske produsenten av fôr til laks og aure. Den største EWOS bedrifta ligger i Florø

Gasta design og kommunikasjon

På Fosshaugane Campus i Sogndal finn du ein gjeng som er lidenskapeleg opptekne av nettsider. Med kundar i heile Noreg og innanfor eit fagområde som endrar seg fort, er det viktig for Gasta å ha med unge menneske på laget.

Hagen

Trapper er eit eige fag som det tek tid å lære seg. Det som tek tid å lære vert utøvd med stoltheit. Hus må ha trapper. Og dei beste trappene er laga av tre. Den største trappeprodusenten i Noreg ligg i Stryn. Hagen har moderne og nytt utstyr og ligg veldig langt framme innan teknologi og nysatsing.

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde