Serigrafifaget

Ein serigraf arbeider i tekstil- eller trykkjeribransjen med trykking på plane, krumme eller uregelrette underlag i materiale som papir, kartong, plast, steingods, glas, metall og tekstilar. Jobben omfattar klargjering, innstilling og betjening av produksjonsutstyr og maskiner. Vidare omfattar det vedlikehald av produksjonsutstyr og maskiner. Du bør ha godt handlag, estetisk sans og vere nøyaktig og kreativ. Informasjon og reklame vert trykt på stadig fleire produkt, og du må ha evne til omstilling i takt med ny teknologi og nye arbeidsprosesser. Faget skal bidra til å ivareta miljøet gjennom resirkulering og reduksjon av skadelege utslepp.

Avery Dennison NTP

Ein lærling hos Avery Dennison NTP AS er med på å produsere Paris Saint-German-logoen på trøya til Zlatan Imbrahimovic. Hugo Boss og Calvin Klein, Nike og Adidas står også på den eksklusive kundelista til NTP i Gaupne.

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde