IKT servicefag

Aktuelle arbeidsplassar som er knytte opp mot drift og vedlikehald av IKT-system, finst i alle typar verksemder, både offentlege og private. Sentrale arbeidsoppgåver er drift og vedlikehald av IKT-systemet til verksemda, informasjonstryggleik, etikk og personvern, installasjon, bruk og vedlikehald av programvare, rådgiving, rettleiing og opplæring i bruk av IKT-system og sørvis og brukarstøtte Du må kunne arbeide systematisk og nøyaktig, både sjølvstendig og saman med andre. Gode kommunikasjonsevner og god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk er viktig, og du må kunne behandle fortrulege opplysningar på ein etisk forsvarleg måte. Du bør ha evne til å tenkje nytt, vere kreativ og interessert i ny teknologi.

Ewos

Fiskeoppdrett har vorte ein av dei største og viktigaste næringane langs Norskekysten. Oppdrettsfisk treng fôr. Og fôrprodusenten treng lærlingar. EWOS er den største norske produsenten av fôr til laks og aure. Den største EWOS bedrifta ligger i Florø

Havyard Ship Technology

Skipsverftet ligg i Leirvik i Hyllestad Kommune, som har knapt 1500 innbyggjarar. Havyard er eit fullintegrert selskap innan skipsdesign, skipsbygging, systemleveransar og ettermarknad.

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde