Industriell overflatebehandling

Du kan jobbe i verksemder som driv med overflatebehandling av ulike materialtypar, både innanfor offshore- og landbasert industri. Viktige arbeidsområde er å vurdere om eit produkt er eigna for overflatebehandling, forbehandle gods, mekanisk, kjemisk eller elektrolytisk, belegge komponentar med organiske eller uorganiske belegg, betene maskiner som transportør, pumper, kabinar, omnar, likerettarar m.m og kontrollere og styre prosessen ved avlesingar, målingar og analysar. Ein overflatebehandlar skal kunne arbeide systematisk, nøyaktig og effektivt, både sjølvstendig og saman med andre. Du bør vere grundig og ha godt handlag.

Vik Ørsta

VikØrsta AS avd. Vik i Sogn disponerer i dag store romslege produksjonslokale og ny varmforzinkingshall som vart teken i bruk i 2009. VikØrsta er totalleverandør av trafikktryggleiksprodukt til den norske marknaden og eksporterer og store kvanta til dei andre nordiske landa.

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde