Industrimekanikarfaget

Industrimekanikaren driv med tilverking av maskindelar, montering, vedlikehald og reparasjon og er ein allsidig montør og reparatør. Arbeidet kan være knytt både til produksjonsutstyr og til produkt som lek i produktsørvis. Du må tolke teikningar, spesielt samanstillingsteikningar, bruke alle typar handverktøy ved montering og demontering av maskinelement, varme opp og kjøle ned ved montering og demontering av maskinelement. Du arbeider med automatisert produksjon og meistrar pneumatikk og hydraulikk. Tilleggsutdanning med sertifikat som kranførar og /eller truckførar er vanleg. Du bør ha godt handlag og god kommunikasjon med både ingeniørar og fagoperatørar i bedrifta.

Avery Dennison NTP

Ein lærling hos Avery Dennison NTP AS er med på å produsere Paris Saint-German-logoen på trøya til Zlatan Imbrahimovic. Hugo Boss og Calvin Klein, Nike og Adidas står også på den eksklusive kundelista til NTP i Gaupne.

Bilfinger Industrial Services, avd. Svelgen

Varierte arbeidsoppgåver, mange ulike arbeidsfelt og tre ulike arbeidsplassar er styrken til Bilfinger Industrial Services som lærebedrift. Dei leverer eit stort spekter av produkt og tenester til industri, kraftverk og næringsliv. Tenestene vert levert i form av dokumenterte konsept og kommersielt partnarskap med kundane.

Ewos

Fiskeoppdrett har vorte ein av dei største og viktigaste næringane langs Norskekysten. Oppdrettsfisk treng fôr. Og fôrprodusenten treng lærlingar. EWOS er den største norske produsenten av fôr til laks og aure. Den største EWOS bedrifta ligger i Florø

Felleskjøpet, avd. Florø

Felleskjøpet i Florø er gått inn som medlemsbedrift hos PRO.

FMC Technologies

FMC Technologies er en verdensledende leverandør av systemer og løsninger til olje- og gassproduksjon på havbunnen.

Hardangerfrakt AS

Hardangerfrakt har 2 båter i drift, og driv med bulkfrakt av sand og asfalt langs Vestlandskysten. Bedrifta er lokalisert på Oppedalsøyra i Gulen,har både verkstad og slipp. Her driv Hardangerfrakt med alt av vedlikehald og førefallande arbeid på eige utstyr. Lærlingar her får ei allsidig erfaring.

Havyard Ship Technology

Skipsverftet ligg i Leirvik i Hyllestad Kommune, som har knapt 1500 innbyggjarar. Havyard er eit fullintegrert selskap innan skipsdesign, skipsbygging, systemleveransar og ettermarknad.

Klausen Industrier

Klausen Industrier Svelgen vart etablert i 1990 som ei moderne, allsidig servicebedrift. Avdelinga er ein viktig ressurs for smelteverksindustrien i Svelgen.

Østerbø Maskin

Som lærling hos oss kjem du til ei innovativ bedrift mellom høge fjell i Sogn. Vi har lang erfaring som praktisk problemløysar for industri, havbruk, offshore, landbruk, bygg og anlegg, samt brei erfaring med industrivedlikehald, både elektro, automasjon og mekanisk. Vi har maskinforretning og serviceverkstad for det meste innan bransjen. Vi er importør av Reform maskiner for landbruk og park/anlegg, Himoinsa strømaggregat og forhandlar av Yanmar notvaskar. Sidan Arne O. Østerbø starta opp åleine i 1977, har Østerbø Maskin AS vokse til å verte den største bedrifta på sørsida av Høyanger. Vi strekker oss etter å skape litande løysingar for kundane våre!

Pelagia

Pelagia er den største produsenten i verda av konsumprodukt av pelagisk råstoff, det vil i første rekke seie sild, makrell, hestmakrell, lodde og kolmule.

Safeclean

SafeClean AS vart etablert i 2002 og har sidan den tid spesialisert seg på rengjering av offshore relaterte system og komponentar. Servicen blir tatt både offshore og onshore. SafeClean er eit innovativt selskap og har eit mål om å være den leiande problemløsar for kundar innenfor vårt tjenestespekter. SafeClean er etablert med hovedkontor og prosesseringsanlegg i Høyanger, Sogn og Fjordane.

Solund Verft

Solund Verft er eit fleksibelt og allsidig verft som driv både med nybygg, utrustning, ombyggingar, reparasjonar og vedlikehald av fartøy. Kundegruppene er fiskebåtar, lastebåtar, ferjer, oppdrettsbåtar, oppdrettsflåtar, brønnbåtar og oppdrettsflåtar.

Staro Tech

Staro Tech A/S kan tilby tjenester med tegning, produktutvikling og konstruksjon. Vi har allerede flere suksesshistorier og hjelper gjerne til med å skape flere. Hydraulikk reparasjon, vedlikehold, feilsøking eller konstruksjon. Vi har lang erfaring og god kompetanse. Vi utfører maskinering ved hjelp av styre freser og dreiebenker.

Swire Oilfield Services

Den første kunden til Swire Oilfield Services i Florø for 20 år sida var Saga Petroleum, som på den tida var operatør for Snorre-feltet. Seinare har aktiviteten og avdelinga vokse jamt, og driv no med utleige, vedlikehald, kontroll og sertifisering av transportutstyr, vask av tankar og omlasting av kjemikaliar.

T.Frivik Taubanedrift

T. Frivik Taubanedrift AS vart etablert i 2004 og er no den leiande aktøren i Norge på uttak av tømmer i bratt terreng samt montering/demontering av røyrgater i bratt terreng. Vi påtek oss alle typar oppdrag innan skogsdrift, materialtransport og anleggsvirksomheit.

TESS

TESS er ein norskeid og landsomfattande leverandør av produkt og tenester til industridrift og vedlikehald. Kjerneprodukta er høgtrykks- og lågtrykksslangar og slangearmaturar til alle føremål, med tilhøyrande tenester i vidt omfang.

Tine SA avd. Byrkjelo

Eit av landets største meieri, målt etter innmålt mjølkemenge, ligg midt i jordbruksbygda Byrkjelo. Området har ei lang meieri-historie å vise til, men dagens toppmoderne anlegg vart opna i 2003. Meierisjef i Tine Meieriet Byrkjelo, Thorkild Heieren, fortel at dei forsyner heile Sogn og Fjordane med konsummjølk i tillegg til at dei produserer halvparten av Noregs favorittost – Norvegia. Kvar tredje brunost i landet er også laga på Byrkjelo. Tine er dermed ein vesentleg arbeidsplass i distriktet, og inntak av lærlingar er ein viktig måte å rekruttere nye fagfolk på.

Vik Ørsta

VikØrsta AS avd. Vik i Sogn disponerer i dag store romslege produksjonslokale og ny varmforzinkingshall som vart teken i bruk i 2009. VikØrsta er totalleverandør av trafikktryggleiksprodukt til den norske marknaden og eksporterer og store kvanta til dei andre nordiske landa.

Wergeland Holding AS

Wergeland gruppa er lokalisert i Gulen industrihamn vis à via Mongstad. Konsernet har aktiviteter innan miljøservice, betong, industriutvikling, havne- og marine tjenester.

Westmek

På Stadlandet har det sidan midten av 1990-talet blitt produsert utstyr av god kvalitet til å behandle fisk ombord i havgåande fiskefartøy. Westmek AS er ei videreføring av denne type verksemd og selskapet blei etablert i 2004.

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde