Industrirøyrleggjarfaget

Industrirørleggjaren arbeider med produksjon, montering og vedlikehald av røyrsystem til industrien, både på land og offshore. Kunnskap om materialeigenskapar, klargjering av material og bruk av samanføyingsteknikkar. Lekkasjetesting og overflatebehandling inngår også. Industrien leverer varer i ein internasjonal eksportmarknad med høge krav til kvalitet og effektivitet. Stabil produktkvalitet og bruk av automatiserte produksjonsmetodar er viktig, og du må følgje utviklingstendensane i samfunnet, både nasjonalt og internasjonalt. Du må vere nøyaktig, reflektert og ha ei kritisk vurderingsevne. Samarbeid, sjølvstendig arbeid og bruk av ny teknologi er andre krav til ein industrirøyrleggjar.

Fjord Pipe

Fjordpipe er ein av dei største røyrentreprenørane i Sogn og Fjordane, og jobbar med prefabrikkering og levering av komplette røyrsystem til landbasert industri, skip, offshore og bygg. Bedrifta er ein fleksibel samarbeidspartnar, som tek på seg oppdrag både på verkstaden og ute på installasjonar.

Havyard Ship Technology

Skipsverftet ligg i Leirvik i Hyllestad Kommune, som har knapt 1500 innbyggjarar. Havyard er eit fullintegrert selskap innan skipsdesign, skipsbygging, systemleveransar og ettermarknad.

Luster Mekaniske Industri

Vil du bli fleirfagleg og høgt kvalifisert sveisar eller industrirøyrleggjar? Luster Mekaniske Industri treng deg. Norsk sokkel har i mange år vore den største offshoremarknaden i verda og det vert investert som aldri før.

Rørlegger R. Nigardsøy

Er du lærling i ei lita bedrift får du god oppfølging. Røyrleggjarbedrifta R Nigardsøy i Svelgen har åtte tilsette og jobbar tett opp mot Elkem Bremanger. Bedrifta har hatt fleire lærlingar innafor industrirøyrleggjar- og VVS-røyrleggjarfaget.

Solund Verft

Solund Verft er eit fleksibelt og allsidig verft som driv både med nybygg, utrustning, ombyggingar, reparasjonar og vedlikehald av fartøy. Kundegruppene er fiskebåtar, lastebåtar, ferjer, oppdrettsbåtar, oppdrettsflåtar, brønnbåtar og oppdrettsflåtar.

Stadpipe

Stadpipe AS er et firma der kjernevirksomheten er basert på produksjon av rørdeler og spesialdeler i plast. Montering av komplette rørinstallasjoner er og ein del av kvardagen. Forretningsområdene kan ein stort sett dele i fire: oppdrett, industri, fiskeri og produksjon.

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde