Kjemiprosessfaget

Jobben er å overvake, styre og regulere kjemiske prosessar som til slutt vert til produkt som bedrifta sel. I tillegg får du utføre enkelt vedlikehald på produksjonsutstyret. Ein fagoperatør i kjemiprosessfaget skal kunne starte, stoppe og drifte eit prosessanlegg og gjere dei vurderingar som trengst for å køyre anlegget trygt og sikkert. Du arbeider med kjemikalier av ulike faregrader og aggregattilstandar, ekstremt låge og høge temperaturar og trykk i tillegg til utstyr med store dimensjonar. Du bruker tekniske flytskjema, overvakar og bruker utstyr og anlegg og forstår kjemiske og fysiske reaksjonar. I tillegg skal du samarbeide med andre fagfolk og ikkje minst; ha opne sansar (lukte, lytte, sjå, føle) for å observere uønska situasjonar og vurdere naudsynte tiltak.

Elkem

Elkem Bremanger er ei internasjonal høgkompetansebedrift med kundar innan elektronikk, solceller, vindmøller og bilindustri. Bedrifta er delt i to forretningsområde; eit støyperi (foundry) og ein produksjonshall for silisium (Silicon Materials).

Teekay Petrojarl

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde