Kontor- og administrasjonsfag

Kontor- og administrasjonsmedarbeidarar jobbar i offentlege verksemder, i bibliotek og informasjonssenter og i private bedrifter. Arbeidsoppgåver er service, kundebehandling og rettleiing, skriftleg og munnleg informasjonsformidling, kunnskapsorganisering og –flyt i dokument- og informasjonsbehandling, innkjøp, budsjett-, rekneskaps- og lønsarbeid, kontorstøtte-, administrasjons- og saksbehandlingssystem og bruk og vedlikehald av kontorteknologiske hjelpemiddel Du må kunne arbeide systematisk, rasjonelt og effektivt. Det er viktig med god skriftleg og munnleg framstilling både i norsk og framandspråk, og å yte god sørvis overfor kundane.

PRO Opplæringskontoret

Gjennom fleire år har det vore mangel på fagarbeidarar i ein industri i stadig endring. Opplæringskontoret for prosessfag i Førde vart i si tid oppretta nettopp for å bøte på dette. I dag har vi over 38 medlemsbedrifter og kring 120 lærlingar i arbeid rundt om i heile Sogn og Fjordane. Lærebedriftene tek i mot lærlingar i kring 25 ulike fag.

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde