Logistikkfaget

Ein logistikkoperatør kan arbeide i transportbransjen og i ei rekkje andre bransjar, som treforedlingsindustri, mekanisk industri, verkstadindustri, metallurgisk industri og annan industri eller næringsverksemd. Sentrale arbeidsoppgåver er sørvis, informasjon, rettleiing, kundebehandling, kommunikasjon og etikk, ordrebehandling, lagerhald og emballering, klargjering for sendingar, sikring av gods, vektavgrensing og vektfordeling ved transport, effektiv og sikker flytting av gods og varer, handtering og transport av varer som krev spesiell behandling, bruk av manuelle og elektroniske verktøy for transport, vareflyt og dokumentbehandling og bruk og vedlikehald av teknisk utstyr Du må kunne arbeide effektivt, nøyaktig og rasjonelt, både sjølvstendig og saman med andre og yte sørvis overfor kundar.

Avery Dennison NTP

Ein lærling hos Avery Dennison NTP AS er med på å produsere Paris Saint-German-logoen på trøya til Zlatan Imbrahimovic. Hugo Boss og Calvin Klein, Nike og Adidas står også på den eksklusive kundelista til NTP i Gaupne.

Elkem

Elkem Bremanger er ei internasjonal høgkompetansebedrift med kundar innan elektronikk, solceller, vindmøller og bilindustri. Bedrifta er delt i to forretningsområde; eit støyperi (foundry) og ein produksjonshall for silisium (Silicon Materials).

Ewos

Fiskeoppdrett har vorte ein av dei største og viktigaste næringane langs Norskekysten. Oppdrettsfisk treng fôr. Og fôrprodusenten treng lærlingar. EWOS er den største norske produsenten av fôr til laks og aure. Den største EWOS bedrifta ligger i Florø

Halliburton

Halliburton i Florø er ein basestasjon som produserer og leverer ulike kjemikaliar til boreoperasjonar i Nordsjøen. Lager og logistikk på tvers av basar og offshore er også ein større del av drifta.

Havyard Ship Technology

Skipsverftet ligg i Leirvik i Hyllestad Kommune, som har knapt 1500 innbyggjarar. Havyard er eit fullintegrert selskap innan skipsdesign, skipsbygging, systemleveransar og ettermarknad.

Solund Verft

Solund Verft er eit fleksibelt og allsidig verft som driv både med nybygg, utrustning, ombyggingar, reparasjonar og vedlikehald av fartøy. Kundegruppene er fiskebåtar, lastebåtar, ferjer, oppdrettsbåtar, oppdrettsflåtar, brønnbåtar og oppdrettsflåtar.

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde