Motormekanikarfaget

Ein motormekanikar arbeider i verksemder som held ved like og reparerer mobile og stasjonære forbrenningsmotorar og drivverk, til dømes på båtar, verft og verkstader for motorreiskap. Du jobbar med montering, vedlikehald og reparasjon av pneumatiske og hydrauliske anlegg i båtar, av elektriske anlegg i mobile og stasjonære forbrenningsmotorar og drivverk, vel materiale og tilpassar detaljar for motorar og maskininstallasjonar med ymse maskiner, utstyr og verktøy. Ein motormekanikar må kunne arbeide systematisk, effektivt og nøyaktig, både sjølvstendig og saman med andre. Du bør ha godt handlag og vere fingerferdig. Motormekanikaren har ofte direkte kontakt med kundar, og du bør vere serviceinnstilt og omgjengeleg.

Solheim Diesel

Dersom du liker å jobbe med båtar og motorar, er Solheim Diesel bedrifta for deg. Her er både båt- og motorverkstad, der ein reparerer båtar og båtmotorar, og butikk for det meste innan båtliv.

Solund Verft

Solund Verft er eit fleksibelt og allsidig verft som driv både med nybygg, utrustning, ombyggingar, reparasjonar og vedlikehald av fartøy. Kundegruppene er fiskebåtar, lastebåtar, ferjer, oppdrettsbåtar, oppdrettsflåtar, brønnbåtar og oppdrettsflåtar.

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde