Platearbeidarfaget

Arbeidsplassar for platearbeidarar finst mellom anna innanfor kjemisk og mekanisk industri, oljeverksemd, skipsindustri og treforedling. Du arbeider med detaljforming av tjukke og tynne plater, røyr og profilar, samansetjing av delane til større komponentar og konstruksjonar, handtering av materiale, hjelpestoff og verktøy for materialbearbeiding, bruk av alle typar platebearbeidingsmaskiner og vedlikehald og feilsøking på verktøy og sveiseutstyr Ein platearbeidar må kunne arbeide nøyaktig, effektivt og strukturert, både sjølvstendig og saman med andre. Du bør ha teknisk innsikt, sosial kompetanse og godt handlag.

Bilfinger Industrial Services, avd. Høyanger

Varierte arbeidsoppgåver, mange ulike arbeidsfelt og tre ulike arbeidsplassar er styrken til Bilfinger Industrial services som lærebedrift. Dei leverer eit stort spekter av produkt og tenester til industri, kraftverk og næringsliv. Tenestene vert levert i form av dokumenterte konsept og kommersielt partnarskap med kundane.

Bilfinger Industrial Services, avd. Svelgen

Varierte arbeidsoppgåver, mange ulike arbeidsfelt og tre ulike arbeidsplassar er styrken til Bilfinger Industrial Services som lærebedrift. Dei leverer eit stort spekter av produkt og tenester til industri, kraftverk og næringsliv. Tenestene vert levert i form av dokumenterte konsept og kommersielt partnarskap med kundane.

Havyard Ship Technology

Skipsverftet ligg i Leirvik i Hyllestad Kommune, som har knapt 1500 innbyggjarar. Havyard er eit fullintegrert selskap innan skipsdesign, skipsbygging, systemleveransar og ettermarknad.

Klausen Industrier

Klausen Industrier Svelgen vart etablert i 1990 som ei moderne, allsidig servicebedrift. Avdelinga er ein viktig ressurs for smelteverksindustrien i Svelgen.

Solund Verft

Solund Verft er eit fleksibelt og allsidig verft som driv både med nybygg, utrustning, ombyggingar, reparasjonar og vedlikehald av fartøy. Kundegruppene er fiskebåtar, lastebåtar, ferjer, oppdrettsbåtar, oppdrettsflåtar, brønnbåtar og oppdrettsflåtar.

Stryvo Bismo

Stryvo Group AS tok 12. februar 2013 over driften av Bismo Industrier AS og Bismo Maskinering AS, under det nye selskapet Stryvo Bismo AS. Stryvo Bismo AS vil ikke ofre kvaliteten på sine produkter for å oppnå knappe leveringstider og / eller kortsiktig fortjeneste. Gjennom grundig planlegging, dokumentasjon og testing skal vi til enhver tid levere kvalitetsprodukter. Selskapet er godkjent som lærebedrift innen tre fag. Stryvo Bismo AS satser bevisst på utdanning av lærlinger, samt etterutdanning og oppgradering av eget personell.

Sunnfjord Industri AS

Ved gamlevegen over Ramsdalsheia mellom Førde og Florø ligg ei lita og fersk lærebedrift. Ikkje akkurat sentralt, men det er ikkje noko ulempe heller. Av og til går det nokre spenstige transportar ned dalen, oppdrag som treng dispensasjon når lasta er både for høg, for lang og for brei.

Vik Ørsta

VikØrsta AS avd. Vik i Sogn disponerer i dag store romslege produksjonslokale og ny varmforzinkingshall som vart teken i bruk i 2009. VikØrsta er totalleverandør av trafikktryggleiksprodukt til den norske marknaden og eksporterer og store kvanta til dei andre nordiske landa.

Yndestad Mekaniske AS

Yndestad Mekaniske AS er ei allsidig mekanisk bedrift retta inn mot landbruk og industri.

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde