Produksjonsteknikkfaget

I dette yrket er det maskinene som gjer jobben. Den viktigaste oppgåva di er å starte, stoppe, styre og overvake maskinene slik at dei gjer det dei skal. Fagoperatøren tek prøvar, kontrollerer og justerer produksjonsmaskiner og anna utstyr, legg om produksjonslina til nye produkt, feilsøker og feilrettar og driv mindre vedlikehald. Hydraulikk, pneumatikk og annen automasjon vert ein stadig viktigare del av faget. Det er viktig at driftstida vert best mogleg nytta, samstundes som kvaliteten er i samsvar med det kunden har tinga. Faget krev overblikk og vilje til å følgje fastlagte prosedyrar. Det er en fordel med fagleg interesse for automatisering og datateknikk. Du må nytte sansane for å observere uønska situasjonar og vurdere naudsynte tiltak. Du arbeider sjølvstendig, samarbeider med andre og har evne til å løyse akutte problem raskt og effektivt.

Ewos

Fiskeoppdrett har vorte ein av dei største og viktigaste næringane langs Norskekysten. Oppdrettsfisk treng fôr. Og fôrprodusenten treng lærlingar. EWOS er den største norske produsenten av fôr til laks og aure. Den største EWOS bedrifta ligger i Florø

Felleskjøpet, avd. Florø

Felleskjøpet i Florø er gått inn som medlemsbedrift hos PRO.

Hagen

Trapper er eit eige fag som det tek tid å lære seg. Det som tek tid å lære vert utøvd med stoltheit. Hus må ha trapper. Og dei beste trappene er laga av tre. Den største trappeprodusenten i Noreg ligg i Stryn. Hagen har moderne og nytt utstyr og ligg veldig langt framme innan teknologi og nysatsing.

Nesseplast

Nesseplast er ein av EPS-pionerane i Noreg. Starten i 1957 var prega av fryseisolasjon og fiskeemballasje, men har utvikla seg til å omfatte alt innafor emballasje og tekniske produkt i isopor (EPS).

Nyrstar

Nyrstar har spesialisert seg på å skape nye, verdifulle råmateriale til bruk i industrien frå avfall. Hovudaktiviteten er å behandle filterstøv frå stålindustrien i Europa som er rikt på sink, i det høgteknologiske anlegget i Høyanger.

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde