Sveisefaget

Hovudoppgåva er å samanføye plater eller større konstruksjonar av metall ved hjelp av forskjellige sveisemetodar og teknikkar. Materialet varierer mykje både i tjukkleik og utforming. Arbeidsmetodane varierer også mykje og i tillegg til manuell sveising, må du også meistre automatisert sveising og styring av robotsveising. Det er mogleg å spesialisere seg innan ulike sveisemetodar ved å ta sertifikat som gjeld både nasjonalt og internasjonalt. Som sveisar bør du like å arbeide både utandørs og innandørs og ha ei positiv holdning til nøyaktighet og kvalitet og vilje til å følge nedskrivne framgangsmåtar eller prosedyrar. Kunne lese og tolke teikningar og arbeide etter instrukser og sveiseprosedyrar og følge angitt metode. Faget vil ofte krevje utdanning og sertifisering i samsvar med internasjonale standardar og krav.

Luster Mekaniske Industri

Vil du bli fleirfagleg og høgt kvalifisert sveisar eller industrirøyrleggjar? Luster Mekaniske Industri treng deg. Norsk sokkel har i mange år vore den største offshoremarknaden i verda og det vert investert som aldri før.

Solund Verft

Solund Verft er eit fleksibelt og allsidig verft som driv både med nybygg, utrustning, ombyggingar, reparasjonar og vedlikehald av fartøy. Kundegruppene er fiskebåtar, lastebåtar, ferjer, oppdrettsbåtar, oppdrettsflåtar, brønnbåtar og oppdrettsflåtar.

Sunnfjord Industri AS

Ved gamlevegen over Ramsdalsheia mellom Førde og Florø ligg ei lita og fersk lærebedrift. Ikkje akkurat sentralt, men det er ikkje noko ulempe heller. Av og til går det nokre spenstige transportar ned dalen, oppdrag som treng dispensasjon når lasta er både for høg, for lang og for brei.

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde