Fagopplæring

Fagopplæring

Learning by doing:

Inga anna utdanning gjev så stor fleksibilitet som fagutdanning. Alle vegar står opne, både i arbeidslivet og til vidare spesialisering og utdanning.

Vidaregåande opplæring omfattar kring 180 ulike lærefag. Etter naudsynt opplæring på skulen vil eleven som regel få resten av opplæringa i bedrift, som lærling eller lærekandidat.

Ein lærling inngår lærekontrakt med ei lærebedrift med sikte på å ta fagbrev eller sveineprøve i eit lærefag. Er målet ein mindre omfattande prøve, inngår lærekandidaten ein opplæringskontrakt med ei lærebedrift.

I dei fleste lærefag skjer dei to første åra av opplæringa i skule; Vg1 og Vg2. Så følgjer Vg3 med to års læretid i bedrift, der eitt år er opplæring og eitt år er verdiskaping.

Verdiskaping vil seie at lærlingen skapar produkt eller tenester som bedrifta kan selje eller tilby kundane eller brukarane. Det er for verdiskapingstida lærlingen får løn. I byrjinga av læretida er det mest opplæring, på slutten er det mest verdiskapning. Av den grunn får lærlingar og lærekandidatar vanlegvis mindre løn på starten enn på slutten av læretida.

Vanlegvis tek det fire år å få fag- eller sveinebrev for lærlingar eller kompetansebevis for lærekandidatar.

Som lærling er du i ferd med å realisere framtidsdraumane dine. Kor spennande opplæringa og yrket ditt vert, er mykje avhengig av deg sjølv. Du kjem til å få dagar og arbeidsoppgåver som er kjeisame. Det er ein del av livet for alle. Då er det viktig å ha måla klart for seg.

Bli kjent med arbeidsplassen din, det er viktig for å forstå faget ditt og korleis arbeidsplassen fungerer. Alle miljø har sine eigne uskrivne reglar, som du må finne ut av. Du er sjølv ein viktig del av arbeidsmiljøet, og etter kvart er det også ditt ansvar å vere med på å skape eit godt og triveleg arbeidsmiljø.

Den viktigaste støttespelaren din er rettleiaren din, til dømes når det gjeld at læreplanen din vert følgd. Du må sjølv sørgje for den skriftlege dokumentasjonen som viser kva du har jobba med og lært, og sette deg inn i kva rettar og pliktar du har som lærling. Etter kvart vil også andre medarbeidarar lære deg stadig nye ting gjennom samarbeid, samtalar og drøftingar.

Det er tradisjon å lære eit fag direkte frå ein eldre fagarbeidar, i eit miljø. Det er noko heilt anna enn å sitte ved ein skulepult og pugge teoriar om korleis verda er.

Som lærling er du ute i den verkelege verda, du lærer ved å gjere, og dette veit industrien å gjere seg nytte av. Flinke fagarbeidarar er etterspurde,

Industriteknologiske fag er interessante fordi bedriftene treng kompetanse i utførande produksjonsarbeid. Det er viktig at folk kan eit handverk. Som Leiv Arne Egset ved Nomek i Stryn seier;

– Alle kan ikkje sitte på kontor. Nokon må lage dei varene folk skal kjøpe. Difor er det viktig med rekruttering slik at miljøet og kompetansen som er opparbeidd innafor dei ulike faga blir vidareført. Sidan trenden er at for mange vel allmennfag på vidaregåande skule, vil etterspurnaden etter arbeidskraft bli størst innanfor yrkesfag i framtida. Det vil og kome til å gjelde timeprisen bedriftene er viljuge til å betale.

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde