Fagbrev på jobb

Fagbrev på jobb blei vedtatt i Stortinget 24. mai 2018. Det er ei ny ordning for å få fleire ufaglærte arbeidstakarar til å ta fag-/sveinebrev.

Målgruppa er vaksne i arbeidslivet som har fullført grunnskulen eller tilsvarande opplæring. Kandidaten er arbeidstakar i den bedrifta dei har teikna arbeidsavtale med, med dei rettane og pliktane som følgjer av lover og tariffavtaler. Dei skal ha full løn i hele læretida. Om ikkje anna er avtalt med bedrifta, fortset arbeidsforholdet som før etter at kontraktstida er avslutta.

 

Forskrift til opplæringsloven § 3-55:

«Samla krav til praksis før fag- eller sveineprøve for kandidatar for fagbrev på jobb

For kandidat for fagbrev på jobb, er det mogleg å ta fag- og sveineprøva på grunnlag av allsidig praksis og opplæring. Samla krav til praksistid og opplæring før fag- eller sveineprøva skal ta utgangspunkt i lengda på lærefaget. For dei fleste faga vil det seie fire år i heiltidsstilling. Fylkeskommunen avgjer om den praksisen kandidaten viser til, kan godkjennast.

Før teikning av kontrakt, skal det stillast krav om minimum eitt års allsidig praksis i faget i heiltidsstilling. For kandidatar som ikkje har hatt heiltidsstilling, må praksisen reknast om til 100 prosent stilling. Ein stillingsbrøk på 80 prosent godkjennast som heiltid.

Når ein teiknar kontrakt, skal det gjerast frådrag for det året med praksis som er kravd, og for eventuell realkompetanse, før ein inngår kontrakten. Det er likevel eit krav om ei minste kontraktstid på eitt år.»

 

Rutiner for godkjenning av fagbrev på jobb

  • Godkjente lærebedrifter/opplæringskontor kan inngå «kontrakt for fagbrev på jobb» med arbeidstakar i eigen bedrift, som har minimum eitt års allsidig praksis i faget. Arbeidsgjevar og kandidat fyller ut «Avtale om fagbrev på jobb» som sendast til Sogn og Fjordane fylkeskommune for handsaming/godkjenning og vurdering av praksis.
  • Eventuell realkompetansevurdering, blir gjennomført ved fylkeskommunen. Fagkonsulentar vurderer kor mykje tid som kan godskrivast i kontrakten. Etter vurderinga kan fylkeskommunen opprette ein kontrakt for fagbrev på jobb som sendast til lærebedrift for kontroll via Vigo Bedrift.

 

Reglar for handsaming av «kontrakt for fagbrev på jobb»

  • Kontrakt om fagbrev på jobb mellom godkjent lærebedrift og kandidat skal opprettast når læreforholdet tek til.
  • Det skal gå fram av kontrakten kven som har ansvaret for dei ulike delane av opplæringa.
  • Samla krav til praksistid og opplæring før fag- eller sveineprøve skal ta utgangspunkt i lengda på lærefaget. For dei fleste faga vil det sei fire år i heiltidsstilling.
  • Kandidaten må ha hatt minimum eitt års allsidig praksis i faget før kontrakten teiknast. Dersom kandidaten ikkje har hatt heiltidsstilling, regnast praksis om til 100 prosent stilling. Ein stillingsbrøk på 80 prosent blir godkjent som heiltid.
  • Opparbeida praksis, tidlegare vidaregåande utdanning og eventuell realkompetansevurdering gir reduksjon i læretida.
  • Kandidat for fagbrev på jobb får same godskriving i læretida for gjennomgått vidaregåande opplæring som for lærlingar, jf. forskrift til opplæringslova §§ 11-10 og 11-11.
  • Det er krav om at læretida må vere på minst eitt år.
  • Det er ikkje krav om fellesfag for kandidater for fagbrev på jobb.
  • Skriftleg eksamen i lærefaget må vere bestått i løpet av læretida. Dette er den same eksamen som for praksiskandidatar og lærlingar med full opplæring i bedrift.
  • Kandidater for fagbrev på jobb utløser basis 2 tilskot.
  • Lærebedrifta pliktar å leggje til rette produksjonen og opplæringa slik at kandidaten kan nå måla i den fastsette læreplanen.
  • Lærebedrifta skal utvikle ein intern plan for opplæringa, for å sikre at kandidaten får ei opplæring som tilfredsstiller krava i læreplanen.
  • Internplanen skal delast ut til kandidaten når læreforholdet startar. Lærebedrifta skal ha intern kvalitetssikring slik at lærlingen får opplæring i samsvar med opplæringslova og forskrifta til denne.

 

Hentet fra Sogn og Fjordane Fylkeskommune sin nettside: https://www.sfj.no/fagbrev-paa-jobb.485753.nn.html 

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde