Internasjonalisering

Vil du oppleve ein månad som utvekslingslærling?

 

Siden våren 2015 har PRO Opplæringskontoret hatt Riga State Technical School som utvekslingspartnar, der læringane får si utveksling i Latvia. På utvekslingsprogrammet får du alle utgiftene betalt, samt ein slant lommepengar.

Næringslivet i Sogn og Fjordane og landet elles vert stadig meir internasjonalt og globalt. Å vere utvekslingselev er ikkje berre spennande og lærerikt, det er nyttig å ha vore ute i verda og sett korleis industrien fungerer i andre land.

Internasjonalisering Lisa Kiesel

Lisa Kiesel (20) studerer kontor- og administrasjonsfag i Tyskland, og var utvekslingslærling ved PRO Opplæringskontoret i 2012. Foto: Marit Bendz

Eit anna tilbod, i første rekke innafor CNC-faget, er studietur til Teknisk fagskole i København. Både CNC-lærlingar, instruktørar og faglege leiarar kan melde seg på. Lærlingar i andre fag kan og vere aktuelle dersom dei vurdere å ta CNC som sitt fagbrev

Gjennom EØS-midla er det fram til 2016 sett av 250 millionar kroner til utveksling av studentar og tilsette mellom utdanningsinstitusjonar i Noreg og mottakarlanda.

I tillegg til utveksling skal støtta vere med på å styrke samarbeidet over landegrensene.

Internasjonalt samarbeid innan forsking og utdanning er høgt prioritert i Europa. Samarbeidet er også med på å gjere Noreg kjent som ein kunnskapsnasjon og attraktiv samarbeidspartnar. Kunnskapar og erfaringar vert utveksla og nettverk til gjensidig nytte vert bygd.

Dersom du ynskjer å delta eller vil vite meir om internasjonaliseringsprogrammet vårt, kan du sende e-post til; post@pro.sf.no, eller du kan ta det opp på oppfølgingsmøte saman med din opplæringskonsulent.

 

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde