Bilfinger Industrial Services, avd. Svelgen

Tung på fag, lett å spørje:

Varierte arbeidsoppgåver, mange ulike arbeidsfelt og tre ulike arbeidsplassar er styrken til Bilfinger Industrial Services som lærebedrift. Dei leverer eit stort spekter av produkt og tenester til industri, kraftverk og næringsliv. Tenestene vert levert i form av dokumenterte konsept og kommersielt partnarskap med kundane.

Bilfinger er sterke på vedlikehald av industri og prosessanlegg og på mekaniske leveransar til industri og anna næringsliv. Verksemda driv sakkyndig kontroll av liftar, truckar og maskineringstenester. Eit spesialområde er sveising og reparasjon av koparlegeringar. Vedlikehald og ny installasjon av automasjonsanlegg til industri og næringsliv er eit anna produkt.

Dan Shanker BIS i Svelgen, der han tok fagbrev som industrimekanikar i 2012.
Foto: Marit Bendz

Bilfinger Industrial Services har avdeling i Svelgen i samband med anlegget til Elkem Bremanger, som er ein stor kunde av vedlikehalds- og modifikasjonstenester. I tillegg har Bilfinger ambisjonar om å levere tilsvarande tenester til annan lokal industri og næringsliv.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde