Bilfinger Industrial Services, avd. Høyanger

Tung på fag, lett å spørje:

Varierte arbeidsoppgåver, mange ulike arbeidsfelt og tre ulike arbeidsplassar er styrken til Bilfinger Industrial Services som lærebedrift. Dei leverer eit stort spekter av produkt og tenester til industri, kraftverk og næringsliv. Tenestene vert levert i form av dokumenterte konsept og kommersielt partnarskap med kundane.

Bilfinger er sterke på vedlikehald av industri og prosessanlegg og på mekaniske leveransar til industri og anna næringsliv. Verksemda driv sakkyndig kontroll av liftar, truckar og maskineringstenester. Eit spesialområde er sveising og reparasjon av koparlegeringar. Vedlikehald og ny installasjon av automasjonsanlegg til industri og næringsliv er eit anna produkt.

Bilfinger sin avdeling i Høyanger ligg ved anlegget til Hydro Aluminium, og har avdelingar innan elektro og automasjon, mekanisk og eldfast. Eininga leverer tenester til industri, kraftverk, det offentlege og næringslivet elles.

 

 

 

 

 

 

 

 

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde