Bjarne Espe Trevarefabrikk

Det heile begynte i 1948 i eit lite verkstad i Hjelmelandsdalen på Nordfjordeid. Etter å ha gått på Holmøy Arbeidskule fekk Bjarne Espe kontrakt med Den Norske Husfliden i Oslo om å lage gyngestolar. Ilag med sittegrupper, trebollar og fat, utgjorde dette levebrødet dei første åra. Etter 1960 gjekk det meir over til å produsere kjøkken, bad og garderobar. Med skreddarsydde produkt, unikt handverk og auge for detaljar vart Bjarne Espe raskt kjend for kvalitet. Nordfjordkjøkkenet fekk sitt namn, og fabrikken var den første som begynte marknadsføring der namnet Nordfjord vart nytta. I dag er det 2. og 3. generasjon som driv bedrifta med 15 ansatte.

Nordfjordkjøkkenet skreddarsyr kjøkken frå grunnen av på eigen fabrikk.  Sjølv med fleire datastyrte bearbeidingsmaskiner foregår mange av operasjonane på gamle maskiner etter gamle handverkstradisjonar.  Det vi driv med er industrielt handverk og ikkje to kjøkken er like.

45 ulike operasjonar på om lag 25 ulike maskiner må til før eit kjøkken med t.d. heiltre fyllingsdører er klar for levering. Med så mange ulike prosessar er vi heilt avhengige av fagfolk av møbelsnekkarar og trearbeidarar. Nordfjordkjøkkenet er laga av menneske, ikkje av automatiserte maskiner, og akkurat dette er eit viktig fortrinn for oss. Dette gjev betre kontroll på kvar ein detalj, styrker kvaliteten, og er ein tryggleik både for oss og kunden!

-Sjå meir på deira heimeside: www.espetrevare.no/

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde