Elkem

Produsent med miljøfokus

Elkem Bremanger er ei internasjonal høgkompetansebedrift med kundar innan elektronikk, solceller, vindmøller og bilindustri. Bedrifta er delt i to forretningsområde; eit støyperi (foundry) og ein produksjonshall for silisium (Silicon Materials). I tillegg kjem innkjøp, logistikk/materialadministrasjon, laboratorium, råstoff, transport, reinseanlegg, eldfast, økonomi, HMS, IT og personal.

Elkem Bremanger er ein del av et globalt selskap, og det er mogleg å gå mange vegar både når det gjeld utdanning og karriere. Konsernet har mange typar interne opplæringsprogram. I tillegg tek mange også utdanning ved eksterne utdanningsinstitusjonar.

Etter læretida går nokre av lærlingane vidare på skule, gjerne på teknisk fagskule og vidare ut i arbeidslivet eller på ingeniørskule. Dei som kjenner prosessane i industrien er ei ettertrakta yrkesgruppe.

Nokre lærlingar har fått fast jobb som operatørar ved Elkem Bremanger. Bedrifta ønskjer å auke fagkompetansen hos medarbeidarane, dyktige og kunnskapsrike operatørar er viktig i prosessar der kvalitet står i høgsetet. Dette styrker både bedrifta og dei tilsette, ikkje minst for dei som vil kvalifisere seg for arbeid offshore.

Å være lærling på Elkem Bremanger er ein flott måte å ta yrkesretta utdanning på. Mange av prosessane er heilt unike i sitt slag. Lærlingar opparbeider seg erfaring og høg kompetanse. Dei er nær prosessane, får lov å prøve seg fram og har ein viss fridom som gjer at dei er med på å påverke.

Magnus Myrhol er lærling i kjemiprosessfaget på Silgrain, det kjemiske produksjonsanlegget for silisium. Foto: Trudi Vågene

Bedrifta har til ei kvar tid 10-12 lærlingar i eit godt læringsmiljø, hausten 2012 er fire av dei jenter. Stadig fleire lærlingar har bakgrunn frå kjemiprosess, men også andre kan vere aktuelle, til dømes dei som kjem frå mekanisk line.

Ingeniørane ved Elkem Bremanger er dyktige og gjer sitt til at lærlingane er del av eit godt fagmiljø med prosessingeniørar og operatørar både med og utan fagbrev. Eit godt fagmiljø er motiverande med tanke på vidare utdanning og arbeid.

Elkem er blant dei leiande selskapa i verda innanfor miljøvennleg produksjon på sitt felt.

Selskapet har produksjonsanlegg i Europa, Nord-Amerika, Sør-Amerika og Asia, i tillegg til eit omfattande nett av salskontor i dei viktigaste marknadene i Europa og Asia.


 

 

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde