Nyrstar

For ei reinare framtid:

Nyrstar har spesialisert seg på å skape nye, verdifulle råmateriale til bruk i industrien frå avfall. Hovudaktiviteten er å behandle filterstøv frå stålindustrien i Europa som er rikt på sink, i det høgteknologiske anlegget i Høyanger.

I denne prosessen kan også sinkholdige alkaliske batteri inngå som komplementær råvare. Her vert metalla sink, bly og kadmium ein del av produktet, medan metall som jern, nikkel og aluminium blir ein del av mellomprodukt – Eras jernsilikat.

Jernsilikat er godt eigna for til dømes sementproduksjon og konstruksjonsmateriale.

Er du interessert i kjemi og realfag, og nysgjerrig på avansert teknologi og produksjonsprosessar? Då kan ei læretid hjå Eras vere riktig. Bedrifta tek lærlingane på alvor, og praktisk arbeid vert kombinert med teoretisk forståing. Ein erfaren fagarbeidar står for den praktiske opplæringa i faget, og ein eigen instruktør vil saman med fagarbeidaren sikre framdrift i høve opplæringsplanar.

For Nyrstarl er det svært viktig å vere ein best mogleg arbeidsgjevar og nabo i eit miljø der industri og busetting står tett. Det er heilt avgjerande for ei moderne, ansvarleg og teknologiorientert verksemd å trekke til seg og halde på dei beste medarbeidarane.

Nyrstar har til dømes ein svært energieffektiv plasmaomn, som er rekna som eit teknologisk gjennombrot i verdsmålestokk. Den har gode miljøfordelar med ein rein prosess og energisparing, i tillegg til eit kompakt anlegg og enkel drift. Denne teknologien gjer at Nyrstar vert ein viktig del av krinsløpet, der avfall frå sinkindustri og batteriavfall vert resirkulert til gode for både miljø og samfunn, i staden for å hamne på deponi.

Etter prøveproduksjon i 2005, vart anlegget starta opp i 2006 i ytterkanten av den store industriparken i Høyanger. Frå starten har Nyrstar gjort den reinaste og mest effektive teknologien tilgjengeleg for attvinning av sinkoksid frå avfallsstøv i stålindustrien. Bedrifta var først i bransjen til å nytte denne forma for attvinningsteknologi.

 

 

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde