Ewos

Største fôrfabrikken i verda
EWOS

Fiskeoppdrett har vorte ein av dei største og viktigaste næringane langs Norskekysten. Oppdrettsfisk treng fôr. Og fôrprodusenten treng lærlingar.
EWOS er den største norske produsenten av fôr til laks og aure, og ein del av EWOS-gruppa som har fabrikkar i Skottland, Canada, Chile og Vietnam. Verksemda har også to andre fabrikkar i Noreg, men den største ligg i Florø. Her er det til ei kvar tid ti lærlingar i arbeid, i tillegg til kring 65 fast tilsette og ein del sesongarbeidarar. Bransjen har hatt jamn vekst, og gjev stabile og gode arbeidsplassar.

Ved ein så stor og moderne fabrikk for produksjon av fiskefôr er det mange utfordringar for lærlingar innan ulike fag. Nye maskiner, nye råvarer og ny teknologi krev at alle tilsette er opne for å tileigne seg nye kunnskapar og ferdigheiter. I samarbeid med forskingsavdelinga, EWOS Innovation, har ein utvikla teknologi som er unik for EWOS og som har gjort oppdrettsbransjen til det den er i dag. Lærlingane ved Ewos er med på forsking og utvikling som leiar fram til nyvinningar. Lærlingane vert tekne godt vare på og kjem tidleg inn i ordinært arbeid. Dei får vere med der det skjer. Ved EWOS vert læretida delt i 50 prosent læring og 50 prosent produktiv læring, det vil seie at lærlingane får mykje ansvar og får køyre ein del av produksjonen sjølvstendig.
Fleire av lærlingane ved EWOS har teke to fagbrev ved bedrifta, da særlig produksjonsteknikkfaget og industrimekanikarfaget. Dette er mogleg å få til i løpet av kring tre år. Dette gjer dei ekstra etterspurde på arbeidsmarknaden. Fleire av lærlingane har fått fast jobb, men EWOS kan sjølvsagt ikkje tilsette alle.
Målet til EWOS er at all fisken til kundane skal få det beste fiskefôret i verda – alltid. Det krev at ein har det beste personellet i verda, og som lærling hos EWOS må ein vere innstilt på å yte sitt aller beste slik at produsenten held fram med å vere marknadsleiar også i framtida. Lærlingane ved EWOS vert inkludert i eit godt arbeidsmiljø og vert kvar dag utfordra med nye, spennande arbeidsoppgåver.

Foto:  Lærling i produksjonsteknikkfaget Håvard Førde og produksjonsleiar spesialfôr Wilhelm Larsen sjekkar storleiken på eit av dei minste pelletane i verda. Ewos Florø er den einaste produsenten i Noreg. Foto: Elin Standal

Foto:
Lærling i produksjonsteknikkfaget og produksjonsleiar spesialfôr sjekkar storleiken på eit av dei minste pelletane i verda. Ewos Florø er den einaste produsenten i Noreg. Foto: Elin Standal

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde