Fjord Pipe

Stål og røyr:

Fjordpipe er ein av dei største røyrentreprenørane i Sogn og Fjordane, og jobbar med prefabrikkering og levering av komplette røyrsystem til landbasert industri, skip, offshore og bygg. Bedrifta er ein fleksibel samarbeidspartnar, som tek på seg oppdrag både på verkstaden og ute på installasjonar. Basen og verkstaden ligg i Eikefjord, midt mellom byane Florø og Førde.

fjordpipe

Kjetil Skorpen Mathiesen går på VG1 Teknikk og industriell produksjon i Måløy, og jobbar to dagar i veka på Fjordpipe gjennom prosjekt til fordjuping (PTF). Mentor er industrirøyrleggjar Beate Røysum. Foto: Julie Titlestad

Alle lærlingar startar på verkstaden, men etter kvart som dei vert erfarne nok, får dei vere med ut på verfta og montere på båtane. Det er ein god ballast å ha med seg. Då vert dei vekependlarar frå måndag til torsdag og får fri fredag.

Hos Fjordpipe vil ein lærling kome i eit miljø med stor og brei kompetanse. Arbeidsmiljøet er godt og bedrifta legg stor vekt på at alle skal trivast. Etter avslutta utdanning og fagbrev er det stor sjanse for jobb i firmaet. Kvalifisert personell er ettertrakta arbeidskraft.

Fjordpipe leverer stålkonstruksjonar og røyranlegg både til oljeindustrien og landbasert industri, og prefabrikkerer og monterer komplette røyrsystem til skipsindustrien på Vestlandet, blant kundane er Fjellstrand AS, Havyard Ship Tecnology, Kleven Verft og STX Florø.

Verksemda har gjennom 25 år opparbeidd seg god kompetanse på sanitæranlegg, hydraulikkanlegg, kjøle- og fryseanlegg, og har dei erfaringane og det utstyret som skal til for å ta på seg varierte og samansette oppdrag

Verkstaden på Nesjane er 800 kvm, med eit uteareal på 2000 kvm og er moderne utstyrt for prefabrikkering av røyr og mindre stålkonstruksjonar. Verkstaden er utrusta med tre sveisestasjonar for MIG/MAG og TIG, platesaks, stanse, platevalse og dorbøyemaskiner som kan bøye rør frå 12-60 mm.

fjordpipe QR

 

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde