Førde Mekaniske Industri

Liten og sveisen:

Av og til dukkar det opp ein oppfinnar på kontoret til den mekaniske bedrifta på Øyrane i Førde. Ikkje alle idear er like realistiske, men nokre av dei er så gode at det vert patent og produksjon, til dømes av grasfordelarane for silo som Førde Mekaniske Industri produserer og sel. Grasfordelarane vert selde gjennom Eik-kjeda.

Her produserer Førde Mekaniske Industri rekkverk for Gravdal Bygg i produksjonshallen på Øyrane. Foto: Marit Bendz

Her produserer Førde Mekaniske Industri rekkverk for Gravdal Bygg i produksjonshallen på Øyrane. Foto: Marit Bendz

Den vesle verksemda sørvar både landbruket, industrien og bygg og anlegg. Ein lærling her må vere offensiv, kunne arbeide mykje på eiga hand og klare å tenkje heilskap. Men det vil og seie at ein lærling lærer mykje, ikkje minst å arbeide sjølvstendig.

Ein fleksibel stab har svært varierte arbeidsdagar, både i produksjonshallen på Øyrane og der ein reiser ut på oppdrag. Døme på arbeid er skipsutrusting, vedlikehald og reparasjonar for industrien. Verksemda produserer også stålbygg og stålkonstruksjonar i tillegg til å reparere og vedlikehalde anleggsmaskiner og alle moglege raritetar.

Førde Mek. vart starta av Arne Per Huus i 1987.

 

 

 

 

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde