Hagen

Eit par trinn opp:

Trapper er eit eige fag som det tek tid å lære seg. Det som tek tid å lære vert utøvd med stoltheit. Hus må ha trapper. Og dei beste trappene er laga av tre. Den største trappeprodusenten i Noreg ligg i Stryn. Hagen har moderne og nytt utstyr og ligg veldig langt framme innan teknologi og nysatsing.

Det er viktig for bedrifta å få inn lærlingar som er interesserte i yrket, som ynskjer å vidareføre viktige kunnskapar innan faget og knyte dette opp mot framtidas måte å drive produksjon på.

Hagen har produsert tretrapper i snart 80 år. Bedrifta har utvikla seg mykje innan automatisering dei seinare åra, dette er ei bedrift som tenkjer utvikling og kan tilby spennande oppgåver. Trappene vert bygd av tre, men med innslag av både stål og glas.

Trapp er eit variert og spennande fag, Hagen tilbyr lærlingane variert og innhaldsrik opplæring og til no har dei hatt ein god sjanse til å få jobb etter avslutta læretid.

Trappebedrifta satsar på teknologi – både når det gjeld IKT og moderne produksjonsmaskiner. Bedrifta satsar også på menneska som jobbar her – opplæring og utvikling er viktig, det same er satsing på trivnad og låg turnover.

Hagen har lang tradisjon med lærlingar, og vel dei ut etter intervju der gode resultat generelt og lite fråvær er viktig.

Foto: Fire glade lærlingar hos Hagen AS i Stryn, frå venstre; Christer Bale Foss (produksjonsteknikk), Eivind Tryti Breivik (automatisering), Dan Hunvik (industrisnikkar) og Gøran Yri (dataelektronikk) Foto: Beate Foss Hagen.

Lærlingar trivst i Stryn, både i og utafor arbeidstida. Kommunen har mange ulike kulturtilbod, til dømes ski og snowboard både sommar og vinter, fotball, handball, symjing, klatring, kino og kulturskule. Det har ikkje vore noko problem å skaffe bustad for lærlingar so langt.

Hagen produserer innvendige trapper av tre med innslag av stål og glas, men og utetrapper. Firmaet er landsdekkande, og leverer og monterer over heile landet. Trappene vert selde gjennom merkevarene Stryntrappa og Escalia.

 

 

 

 

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde