Halliburton

Basedrift

Halliburton i Florø er ein basestasjon som produserer og leverer ulike kjemikaliar til boreoperasjonar i Nordsjøen. Lager og logistikk på tvers av basar og offshore er også ein større del av drifta. I tillegg tek bedrifta i mot avfallsvæske til mellomlagring og sender den vidare til behandlingsanlegget som Halliburton nettopp har kjøpt på Mongstad.

Logistikklærling Nicolai Knutson frå Førde står trygt planta på Halliburton-basen på Botnaneset i Florø. Foto: Eivind Nordvik Hauge

Logistikklærling Nicolai Knutson frå Førde står trygt planta på Halliburton-basen på Botnaneset i Florø. Foto: Eivind Nordvik Hauge

Florø er den første avdelinga i Halliburton Skandinavia som har teke inn ein lærling i logistikkfaget, og dei satsar på eit inntak til neste år. Alle som får jobb i Halliburton, lærlingar inkludert, reiser på eit tre dagars felles introduksjonskurs ved hovudkontoret der. Slike kurs vert arrangert kvar månad.

Halliburton vart grunnlagt i 1919 og er blant dei største leverandørane i verda av produkt og tenester til energibransjen. Selskapet har over 70 000  tilsette i rundt 80 land.

Arbeidsplassen ligg på land, men opplæring på basen gjev eit godt grunnlag for å gå offshore.

Med utdanning vidare etter fagbrevet, stiller du veldig sterkt. Halliburton kan dekke vidareutdanning medan ein er i full jobb, vel og merke forpliktar ein seg då til å arbeide for dei i tre år.

Ein lærling som byrjar på basen får del i svært mange gode rabattavtalar med til dømes treningsstudio. Om han eller ho får sjansen til å halde fram, har Halliburton også gode pensjons- og forsikringsordningar.

Halliburton er ei global bedrift der mykje kommunikasjon skjer på engelsk. Mange tilsette reiser utanlands. Om ein har den rette innstillinga og gode referansar, ligg heile verda open.

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde