Havyard Ship Technology

Utlysing lærlingplassar Havyard

 

Improving Life at Sea

Skipsverftet ligg i Leirvik i Hyllestad Kommune, som har knapt 1500 innbyggjarar. Havyard er eit fullintegrert selskap innan skipsdesign, skipsbygging, systemleveransar og ettermarknad. Båtane som vert bygd i Leirvik er høgteknologiske fartøy som opererer i svært krevjande farvatn. Som eksempel kan nemnast ankerhandteringsfartøy, isbrytarar, supplybåtar og fiskebåtar.

Verksemda er ein del av Havyard Group AS. Hovudsetet ligg i Fosnavåg på Sunnmøre, og dotterselskap er etablert i Brazil, India, Kina, Polen, Kroatia og Tyrkia. Arbeidsmiljøet på verftet i Leirvik er internasjonalt, der tilsette frå mange nasjonar arbeider side om side for å nå felles mål.

havyard

Mikal Eriksen (til v.) frå Ånneland i Gulen er lærling på utrustningsavdelinga og skal ta fagbrev i platearbeidarfaget i 2014. Rettleiar her er operatør Marcin Czarnecki. Foto: Havyard.

Verksemda har nyleg utvikla design på ein heilt ny type brønnbåt som har vore omtala som den mest miljøvennlege båten i sitt slag.

Ei stor fjær i hatten til Havyard var då «The Seven Havila» i 2011 vart kåra til det mest avanserte dykkarfartøyet i verda og fekk ein høgthengande internasjonal pris for det.

Visjonen til Havyard, «Improving Life at Sea», går som ein raud tråd gjennom heile verksemda. Havyard har hausten 2012 heile 11 flinke lærlingar fordelt på platearbeidar-, industrirøyrleggjar- og industrimekanikarfaget, noko bedrifta er svært stolt av.

På ein arbeidsplass som Havyard får lærlingane bryne seg på arbeidsoppgåver i takt med at læretida går framover og kompetansen aukar.

Lærlingane får god fagleg tyngde som bur dei på fagprøven dei skal ta, og på arbeidslivet etterpå.Det er gode utsikter for arbeid etter avlagt fagprøve, Havyard er alltid på utkik etter fagarbeidarar og også andre med høgare utdanning.

Havyard Ship Technology er IA-bedrift, og har dermed særskilt fokus på førebygging for å redusere sjukefråvær, skadar og betring av arbeidsmiljøet for å hindre utstøyting og fråfall i arbeidslivet. Verksemda har ei god bedriftshelseteneste med fast kontordag på verftet kvar veke.

havyard qr

 

 

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde