I.O.S Tubular Management

Offshore onshore

I.O.S Tubular Management er ei offshoreretta servicebedrift som i hovudsak utfører maskinering av olje- og gasstette gjengeforbindelsar på “nedihullsutstyr”, det vil seie røyr og andre komponentar som går ned i ein olje- eller gassbrønn. ITM produserer gjenge på fòrings-, produksjons- og borerøyr, og lagar også diverse overgangar mellom ulike røyrtypar og dimensjonar.

Henning Alrek, lærling i CNC-maskineringsfaget, flyttar røyret opp i dreiebenken. Foto: ITM.

Henning Alrek, lærling i CNC-maskineringsfaget, flyttar røyret opp i dreiebenken. Foto: ITM.

Tidlegare lærlingar fortel om kjekke folk og eit godt og ungdommeleg miljø, noko som har mykje å seie. Dessutan får dei varierte arbeidsoppgåver.

Det er ganske mange krevjande jobbar ved ITM, men lærlingane får god oppfølging, og dei får utføre arbeidsoppgåver frå start til slutt; han eller ho får ei teikning i handa og må både planlegge, programmere, utføre og kontrollere.

Hovudkontoret er plassert på Norseabasen i Tananger og den tredje lokasjonen ligg på CCB-basen på Ågotnes. I Florø skjer reparasjonar og vedlikehald av alle typar røyr og tilbehør (OCTG), i tillegg til nyproduksjon av nedihullsutstyr.

Felles for alle tenestene er at alt utstyr som vert bearbeidd og produsert vert nytta i samband med boring og utvinning av olje og gass på den norske kontinentalsokkelen.

ITM har også ei eiga avdeling som skaffar OCTG-relaterte produkt ved hjelp av eit stort og godt nettverk av underleverandørar.

 

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde