Klausen Industrier

Valsar i veg

Klausen Industrier Svelgen vart etablert i 1990 som ei moderne, allsidig servicebedrift. Avdelinga er ein viktig ressurs for smelteverksindustrien i Svelgen. Ho ligg eit par kilometer frå Bremanger Smelteverk og produserer kring 1000 elektrodemantlar årleg.

Asbjørn Grane Klausen har vore lærling i industrimekanikarfaget, her driv han med lineboring. Foto: Gunnar Mundal.

Asbjørn Grane Klausen har vore lærling i industrimekanikarfaget, her driv han med lineboring. Foto: Gunnar Mundal.

Klausen tek inn få lærlingar om gongen, for å gje dei den merksemda dei treng for å få best mogleg oppfølging og opplæring. Dei får vere med på variert arbeid, som gjev lærlingane innblikk i mange sider av faga, og det er nesten berre kjekke dagar på jobb.

Verksemda legg vekt på punktleg levering og stor fleksibilitet til gunstige prisar. I tillegg til reparasjonar og nye installasjonar til Elkem, leverer ho varer og tenester til private, entreprenørar, bergverk og offshorebedrifter. Klausen leverer også varer og tenester til fleire energiverk og småkraftverk. Saman med andre bedrifter i Klausen-gruppa er dette ein slagkraftig leverandør i denne marknaden.

Entreprenørar og bergverksbedrifter med knusarar, sikteverk, hjullastarar og gravemaskiner får også hjelp med vedlikehald hos Klausen.

Bedrifta i Svelgen tek mål av seg til å halde fram med punktlege leveransar og eit stabilt og godt arbeidsmiljø, langt inn i framtida. Dei siste åra har staben fått god ekspertise på blant anna lasergravering på knivar, mobiltelefonar m.m.

Det er ikkje alltid like enkelt å folde ut konusar riktig. Det er også vanskeleg å få kjøpt ferdig valsa konusar når ein treng det. Difor har Klausen lagt seg i trening, både på utfolding og på konvalsing i tillegg til bruk av ringvalse på alle typar stål i forskjellige profilar.

Bedrifta har i 2012 også montert ei ny Revolver stansemaskin, med automatisk inn- og utlasting av plater og ferdige delar. Her følgjer ein vara frå teikning til ferdig utstansa produkt.

Klausen Industrier Svelgen er ei søsterbedrift til Klausen Mekaniske Verksted i Holmedal.

 

 

 

 

 

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde