Kleive Mekaniske & Industriservice

Isolerer og emballerer

Dei viktigaste produktområda til KMI er isolasjonsprodukt til bygg og anlegg, emballasje til fisk og andre næringsmiddel og formstøypte spesialprodukt.

KMI utviklar stadig nye produkt, til dømes 2rakel, som er ei dobbeltsidig vertikal silketrykkmaskin, spesialdesigna for å trykke logoar m.m. på EPS-produkt, hovudsakleg samanbunta fiskekassar. Andre produkt i sortimentet er tørkestasjon, allround tapemaskin, buntskyvar, dukvaskar, rullebane og transportband.

Det er travelt å vere lærling ved KMI, ein må heile tida sette seg inn i nye prosjekt i tillegg til å delta i den daglege produksjonen. Lærlingane får også vere med på utviklingsarbeid på nye produkt.

Kleive Mek & Industriservice vart skipa i 1985 og arbeider i dag tett saman med Quality Intervention, som fekk DNB-Nors innovasjonspris i 2012 og Reodorprisen i 2011 for ei oppfinning som vert skildra som “maskin og prosedyre som på revolusjonerande vis kan tette og reparere lekkasjar på oljebrønnar”.

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde