Luster Mekaniske Industri

Presisjon lagt i røyr

Vil du bli fleirfagleg og høgt kvalifisert sveisar eller industrirøyrleggjar? Luster Mekaniske Industri treng deg. Norsk sokkel har i mange år vore den største offshoremarknaden i verda og det vert investert som aldri før. Investeringane vil vere store i mange år framover, både på grunn av nye funn, kostnadseffektiv utbygging av gamle funn, teknologiutvikling og ombygging av eksisterande installasjonar.

LMI E Molland (1 of 1)

Sveiselærling Eivind Molland. Foto: Geir Øren

Både industrien og bedriftene treng å rekruttere ny arbeidskraft, og gjennom åra har LMI lagt stor vekt på opplæring av medarbeidarar. Bedrifta tilbyr opplæring i varierte og utviklande arbeidsmetodar innanfor sveisefaget og industrirøyrleggjarfaget.

Ein treng ikkje ligge på kysten for å sørve oljeindustrien. Ein kan ligge inst i Sognefjorden.

Luster Mekaniske Industri er ei veletablert industribedrift som har spesialisert seg på prefabrikasjon av røyrsystem. Utviklinga går fort og gjev stadig nye utfordringar. I dag dreiar mykje av røyrsveis- og industrirøyrleggjarfaget seg om prosjekt til subseainstallasjonar.

Gjennom over 30 år har bedrifta opparbeidd solid erfaring gjennom leveransar til dei fleste olje- og gassanlegg på norsk sokkel. Flinke og motiverte medarbeidarar sikrar kundane produkt og tenester som tilfredstillar deira krav og behov med omsyn til kvalitet, tryggleik og leveringstid.

I 2011 vart bedrifta heileigd av Framo Engineering AS (Schlumberger), eit solid engineeringsselskap som er eksepsjonelt god på utvikling av pumpesystem. Dette gjer sitt til at LMI har gode utsikter for oppdrag i framtida. Arbeidsplassane er trygge, godt betalte og gjev fagoperatørane tilbod om stadig å heve kompetansen sin.

Utvikling, samarbeid og trivnad gjev verdiskaping – saman blir vi gode!

 

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde