Nesseplast

Plastperla

Nesseplast er ein av EPS-pionerane i Noreg. Starten i 1957 var prega av fryseisolasjon og fiskeemballasje, men har utvikla seg til å omfatte alt innafor emballasje og tekniske produkt i isopor (EPS).

Produksjonsteknikklærlingane Jonakim N. Hanevik og Erik F. Moen. Foto: Magnus K Nilsen

Produksjonsteknikklærlingane Jonakim N. Hanevik og Erik F. Moen. Foto: Magnus K Nilsen

Nesseplast tilbyr lærlingane sine ei spennande og utfordrande læretid. Instruktørar har lang og brei erfaring i dei ulike faga og dersom lærlingane sjølv verkeleg går inn for det, kan dei lære utruleg mykje i læreperioden. Då er også sjansane store for fast jobb etter at lærlingperioden er over. Nessane er ein liten plass, men det tek berre eit kvarter å køyre til Høyanger.

Nesseplast er ein trygg og god arbeidsplass som er særs opptekne av HMS og jobbar hardt og målretta for å unngå skadar og ulykker på arbeidsplassen. I desse åra har bedrifta opparbeidd stor kompetanse og ekspertise på utvikling og produksjon, både av eigne produkt og i samarbeid med kundar. Emballasje til fiskeindustrien står framleis for den største delen av omsetninga til Nesseplast, som leverer emballasje til pakking av alle typar fisk og fiskeprodukt, og har kasser i mange storleikar og fasongar.

Råstoffet, EPS eller ekspanderbar polystyren, er eit sukkerliknande, oljebasert stoff som ekspanderer i kontakt med damp. Desse “luftkulene” vert sveisa saman i formverktøyet og får der den endelige utforminga.

I tillegg til all fiskeemballasje har Nesseplast eit breitt produktspekter, og leverer i dag emballasje til mange forskjellige bransjar og føremål; til landbruket og gartnerinæringa, næringsmiddelindustrien, byggjeindustrien og møbelindustrien for å nemne nokre av dei.

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde