Pelagia

Pelagia har to avdelingar med i Pro Opplæringskontoret:

-Avdeling Kalvåg

-Avdeling Florø

– Ein lærlingdraum

Norway Pelagic er den største produsenten i verda av konsumprodukt av pelagisk råstoff, det vil i første rekke seie sild, makrell, hestmakrell, lodde og kolmule.

1 norway pelagic collage grotle melstvedt

Ein industrimekanikarlærling hos Pelagia vil kome bort i mange typar maskiner og transportanlegg i tillegg til vedlikehald av den store truckparken. Eit så stort anlegg har også mykje automasjon og avanserte styringar og må nærast være drøymeplassen for en lærling.

Dei mest spennande sidene ved bedrifta er variasjonane mellom dei ulike sesongane og dei stadige endringane avhengig av råstoff og kva type produksjonsform ein køyrer til ei kvar tid. Ikkje to dagar er like.

Bedrifta har i tillegg til Kalvåg også avdelingar i Florø, Måløy og Selje, og produserer rundfrosen sild og makrell, sildefilet frosen i blokk og eddikmarinerte og krydra halvfabrikata til konservesindustrien både som filet og i bitar alt etter kva kundane ynskjer. I tillegg produserer ein speke- og kryddersild til skandinaviske butikkjeder.

Fotogalleri:

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde