Avery Dennison NTP

Globale Gaupne

Ein lærling hos Avery Dennison NTP AS er med på å produsere Paris Saint-German-logoen på trøya til Zlatan Imbrahimovic. Hugo Boss og Calvin Klein, Nike og Adidas står også på den eksklusive kundelista til NTP i Gaupne. Bedrifta er størst i Noreg på produksjon av slike transfermerke.

Avery Dennison NTP

Logistikklærling inspiserer HD transfers som skal til eit globalt salsmøte i USA. NTP har utvikla teknologien sin til å bli blant dei leiande i verda som totalleverandør av transfermerke og løysningar for merking av tekstilar.
Foto: Oskar Andersen

NTP utviklar kjemi og produksjonsplattformer til eit titals fabrikkar rundt om i verda, mellom anna i Kina, India, Tyrkia, Honduras, USA og El Salvador. Den eigenutvikla teknologien for lim- og sleppmiddel er verdsleiande og brukt over heile kloden. Desse råvarene vert produserte i Gaupne

Ved å ta læretida ved NTP vil ein få ein solid plattform for vidare arbeidsliv – både i Gaupne og i utlandet. Eller gjerne ein kombinasjon.

NTP er ei ung bedrift med ein ung stab, og det har vore opp i ti ulike nasjonalitetar i fast jobb her. Samstundes jobbar dei over heile verda, og engelsk er stort sett arbeidsspråket.

Kvar einaste dag har bedrifta video- eller telefonkonferansar med folk frå alle verdsdelar. Det kjem dessutan mykje besøk til Gaupne. Her har Avery Dennison samlingar eit par gonger i året, og nye tilsette frå heile verda får opplæring. I tillegg er det til ei kvar tid folk herifrå ute på ein av fabrikkane for opplæring og sørvis.

Verksemda i Gaupne satsar tungt på produktutvikling. Nærare ti prosent av dei tilsette jobbar med innovasjon og utvikling. Dessutan er NTP 90 prosent sjølvhjelpne, med eige teknisk personale, IT-folk, elektrikar, programmerar og økonomar. Dei har til og med tilsett eigen fotograf. Oskar Andersen dokumenterer dei ulike tekniske prosedyrane med foto og film i manualar utan tekst, for når ein er så internasjonale er det ikkje opplagt at operatørane forstår engelsk. Alle forstår bilete.

NTP er ei solid bedrift med store overskot, dei tilsette her er trygge på jobben sin.

 

 

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde