PRO Opplæringskontoret

Saman er vi sterke

Gjennom fleire år har det vore mangel på fagarbeidarar i ein industri i stadig endring. Opplæringskontoret for prosessfag i Førde vart i si tid oppretta nettopp for å bøte på dette.

I dag har vi over mange medlemsbedrifter og kring 120 lærlingar i arbeid rundt om i heile Sogn og Fjordane. Lærebedriftene tek i mot lærlingar i kring 25 ulike fag.

Derfor treng lærebedriftene PRO Opplæringskontoret

PRO Opplæringskontoret er til for medlemsbedriftene som treng lærlingar og rekruttering, men kan og hjelpe til med vidareutdanning og kurs for andre tilsette i bedrifta.

Vi rekrutterer lærlingar og sikrar ei god opplæring ved å halde kurs for instruktørar og faglege leiarar. Vi arrangerer studieturar for bedriftene og held ei lang rekke kurs og foredrag for å heve kompetanse og motivasjon blant dei fast tilsette.

Det er ei utfordring for ei kvar leiing å bli ein av dei mest attraktive lærebedriftene. Det må meir enn festtaler til for å nå målet. Kloke hovud er utfordrande. Vil vi ha dei beste, må vi legge til rette for det.

Skal ein vere med ”der det skjer”, så må ein ta del i kampen om den beste arbeidskrafta.

Teknologien yter ikkje meir enn det menneske bak tastaturet er i stand til å få den til å gjere.

PRO Opplæringskontoret vil halde fram med å vere navet for store og små industribedrifter i fylket. Saman står vi sterkare, også i konkurransen med dei store opplæringskontora i fylka nord og sør for oss. Dersom alle står saman, vert vi sterke nok til å utvikle næringslivet i Sogn og Fjordane vidare.

Derfor treng lærlingane PRO Opplæringskontoret

PRO Opplæringskontoret er til for deg som vurderer ei framtid innafor industri og teknologi. Og for deg som allereie har bestemt deg. Vi sørgjer for at alt det formelle rundt lærekontrakt og fagprøve er i orden, og at bedrifta har kvalifiserte instruktørar og faglege leiarar.

Vi held kurs og arrangerer sosiale og faglege samlingar for lærlingane. Vi sikrar også ein ny læreplass dersom bedrifta til dømes skulle gå konkurs eller du ynskjer å skifte kurs.

I tillegg kan vi tilby dei eventyrlystne opphald i Tyskland gjennom internasjonaliseringsprogrammet vårt.

Industrien i dag og i morgon er prega av automatiserte prosesser og er stadig i utvikling. Gjennom ei praktisk, variert og teknisk grunnopplæring hjelper vi lærlingane med grunnlaget dei treng for vidare yrkesval i både fag, arbeidsplass og arbeidsmiljø. Ein PRO-lærling vert dyktig i mange fag, noko som opnar mange vegar ut i arbeidslivet.

Menneska er viktigare enn teknologien

Det er mennesket som er innovativt, ikkje maskinene. Det er ikkje bedriftene, men hovuda som jobbar der som tek spranget framover.

Ei løn å leve av er viktig. Men like viktig er det å trivast med eit arbeid. At ein finn arbeidsoppgåvene meiningsfulle og interessante. Jobb er meir enn pengar. Ein arbeidsplass er der du er store delar av livet. Då bør du tykkje at det er ein bra plass å vere.

PRO Opplæringskontoret er til stades for at lærling og bedrift skal finne kvarandre og trivast i lag.

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde