Rørlegger R. Nigardsøy

Røyr over og under vatn

Er du lærling i ei lita bedrift får du god oppfølging. Røyrleggjarbedrifta R Nigardsøy i Svelgen har åtte tilsette og jobbar tett opp mot Elkem Bremanger. Bedrifta har hatt fleire lærlingar innafor industrirøyrleggjar- og VVS-røyrleggjarfaget.

Industrirøyrleggjar Kjell Åge Bueie og VVS-røyrleggjar Svenn Runar Myklebust monterer vassverksdelar i kum. Foto: Gunnar Styve.

Industrirøyrleggjar Kjell Åge Bueie og VVS-røyrleggjar Svenn Runar Myklebust monterer vassverksdelar i kum. Foto: Gunnar Styve.

Å vere lærling hos R Nigardsøy er interessant og samstundes utfordrande, sia det er mange ulike ting ein arbeider med. Sjølv om det er ei lita verksemd, er ho svært allsidig og arbeider innafor eit stort spekter, frå smelteomnar i prosessindustrien til kraftproduksjon og vassleidningar.Dei har oppdrag på land og til sjøs, mellom anna har bedrifta lagt ein god del sjøleidningar rundt om i distriktet, til blant anna fiskeindustri, utsleppsleidningar og VA-anlegg. Dessutan arbeider dei mykje med plastsveising av røyr og bygging med plastkonstruksjonar for Elkem Silgrain, der anna materiale ikkje tåler det korrosive miljøet.

Men sjølv om den lokale industrien er ein stor kunde, har verksemda også oppdrag for kommunen og privatpersonar. Til dømes er dei i sving med tolv husvære i eit nytt leilegheitskompleks i Svelgen og jobbar og med ein ny pumpestasjon for Elkem Bremanger, som skal forsyne smelteomnane med kjølevatn.

Ein lærling får god oppfølging hos R. Nigardsøy, slik at han eller ho skal bli dyktige arbeidarar og etter kvart gjere jobbar åleine både hos Elkem og andre kundar.

 

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde