Solheim Diesel

Prøvekøyring med Solheim Diesel

Dersom du liker å jobbe med båtar og motorar, er Solheim Diesel bedrifta for deg. Her er både båt- og motorverkstad, der ein reparerer båtar og båtmotorar, og butikk for det meste innan båtliv.

Fordelane med å vere lærling hos Solheim Diesel er mange dersom ein liker båtar og sjøliv. Prøvekøyringar med båtar er populært, bedrifta ligg nær sjøen, ikkje langt frå Florø idrettssenter og har eit godt sosialt miljø med fire firmautflukter kvart år. Her er det lang jule- og påskeferie, og dessutan er det mogleg å ta mykje fri i vinterhalvåret for dei som ynskjer det. Arbeidsutsiktene både i bedrifta og hos andre verksemder er svært gode då både motormekanikarar og salsmedarbeidarar er svært etterspurde.

Solheim Diesel har som målsetting å vere den leiande fritidsbåtleverandøren i Sogn og Fjordane. Sia starten i 1982 har bedrifta representert sterke merkenamn, og samstundes følgd den løpande utviklinga som båtbransjen har vore igjennom dei siste tiåra. Men verkstaddrift er framleis ein svært viktig del av Solheim Diesel, som meiner det er viktig å kunne tilby kundane god service på produkta dei leverer. Difor er verkstaden stor og godt utrusta med fem mekanikarar som er oppdaterte på alle produkta bedrifta leverer. Her er det god kapasitet og kran som løfter båtar inntil 16 tonn.

På verkstaden vert det utført alle typar skrogreparasjonar og sørvis og vedlikehald på alle motormerke, men i første rekke dei motormerka Solheim Diesel er verkstad for (Yanmar, Volvo Penta, Mercuiser, Mercury, Suzuki og Yamaha). Alle tilsette har fagbrev og lang erfaring. På butikken vert det lagerført eit breitt varespekter innan båtutstyr og originale motordelar, fiskeutstyr, redningsvestar, kle, gåveartiklar, ja stort sett det ein har trong for på og ved sjøen

 Joakim Nygård Egeberg liker sjøen, og er lærling ved Solheim Diesel. Foto: Solheim Diesel.

solheim diesel qr

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde