Solund Verft

Båt i havgapet

Solund Verft er eit fleksibelt og allsidig verft som driv både med nybygg, utrustning, ombyggingar, reparasjonar og vedlikehald av fartøy. Kundegruppene er fiskebåtar, lastebåtar, ferjer, oppdrettsbåtar, oppdrettsflåtar, brønnbåtar og oppdrettsflåtar.

Verftet driv og med lagring, vedlikehald og reparasjon av fritidsbåtar ved eige båthotell.

Kvart år byrjar to eller tre lærlingar ved verftet. Kompetansen som Solund Verft har opparbeidd seg i åra som lærlingbedrift og medlem av PRO, kjem alle desse til gode. Bedrifta har også gjennom menge år hatt TAF-elevar og har god og positiv erfaring med denne forma. Opplæring ved Solund Verft er allsidig. Gjev godt innsyn og praktisk erfaring på ei rekke område, som klassing av fartøy, vedlikehald og kontroll. Dette slik som akseltrekk med kontroll av klaringar på ror og aksel, vedlikehald og overhaling av både gir, hovudmotorar, hjelpemotorar, hydraulikk, ventilar og kort sagt det meste av utrusting for farty. Rapportskriving er ein viktig del av alle jobbar.

Lærlingane ved Solund Verft får opplæring i eit internasjonalt miljø, der engelsk er ein viktig del av kommunikasjonen. Verftet ønskjer motiverte og engasjerte lærlingar og det er viktig at dei er ansvarlege og omgjengelege.
Sjølv om Solund er ein liten kommune er det mange og allsidige aktivitetar her, mellom anna i regi av ein rekke lokale lag og organisasjonar. Det bør og nemnast at Solund er eit eldorado for alle maritime aktivitetar og ein attraktiv stad for dei som liker kajakkpadling og anna båtliv.

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde