Sunnfjord Industri AS

Skywalk-stål!

Ved gamlevegen over Ramsdalsheia mellom Førde og Florø ligg ei lita og fersk lærebedrift. Ikkje akkurat sentralt, men det er ikkje noko ulempe heller. Av og til går det nokre spenstige transportar ned dalen, oppdrag som treng dispensasjon når lasta er både for høg, for lang og for brei.

sunnfjord ind Foto marit Bendz

Mange lærlingar trivst best i eit lite og tett arbeidsmiljø, og det har Sunnfjord Industri. Her vert dei tilsette godt kjende med kvarandre, og ein lærling får god oppfølging og lov til å prøve seg på alle typar sveising.

Hovudproduksjonen er platearbeid og sveising, og bedrifta leverer til store kundar som Elkem, Veidekke og andre entreprenørar i heile Sogn og Fjordane, men med Sunnfjord som hovudområde. Det var dei som laga stålkonstruksjonen til Skywalken i Førde – to gonger.

Verkstadbygget er nytt då heile verksemda vart bygd opp att etter ein brann i 2008. Sunnfjord Industri har eit godt rykte i fagmiljøet, og heimesida er: http://sunnfjordindustri.no/

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde