Swire Oilfield Services

Miljø og dynamikk:

Den første kunden til Swire Oilfield Services i Florø for 20 år sida var Saga Petroleum, som på den tida var operatør for Snorre-feltet. Seinare har aktiviteten og avdelinga vokse jamt, og driv no med utleige, vedlikehald, kontroll og sertifisering av transportutstyr, vask av tankar og omlasting av kjemikaliar.

Etter kvart vart Statoil største kunde. Andre kundar på Fjordbase er Halliburton, Schlumberger, FMC, Haug Offshore, Kraemer, Safari Engros og GDF SUEZ.

I dag har Swire Oilfield Services kring 1.600 lasteberarar i Florø og disponerer 500 kvadratmeter verkstadlokale med kran.

Det er stort engasjement i heile bedrifta. Swire har opparbeidd ein god stab i Florø som jobbar godt saman, og som liker å ha elevar i jobb. I fleire år har elevar frå Flora vgs. vore utplassert ved bedrifta, og i 2012 tok ein inn den første lærlingen, som skal ta fagbrev i industrimontørfaget. Det omfattar både mekanisk arbeid, vedlikehald, montering/demontering, testing, vask av utstyr og mykje dokumentasjon. I motsetning til industrimekanikarfaget omfattar industrimontørfaget ikkje opplæring i maskinering.

Ein lærling ved Swire kan og bli sendt på jobb til andre basar rundt om i landet, særleg aktuelt er den store verkstaden for spesialutstyr i Stavanger.

I 1999 var avdelinga blant dei første bedriftene i Florø som vart miljøsertifisert. I 2012 byggjer Swire i Florø eit reinseanlegg slik at vaskevatnet kan brukast fleire gonger. Dermed vert både vassforbruk og vassavfall redusert. Avdelinga vil også ta i bruk et nytt bulkanlegg ved ei ny kai på den nyaste delen av oljebasen. Anlegget skal nyttast til fylling og refylling av kjemikalie og har kapasitet også til nye kundar.

Swire Oilfield Services, Statoil og den lokale bedrifta Norwegian Marine har utvikla ein kombinert kjøle- og frysekonteinar for transport av matvarer offshore. Florø-avdelinga er hovudavdeling for desse konteinarane og disponerer i dag kring 75 av dei.

Swire

Martin Kjelsnes (til h.) skal ta fagbrev i industrimontørfaget, og er den første Swire-lærlingen i Florø. Fagansvarleg Arild Hatlem til venstre. Foto: Magnus Helge Torvanger.

 

 

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde