T.Frivik Taubanedrift

T. Frivik Taubanedrift AS vart etablert i 2004 og er no den leiande aktøren i Norge på uttak av tømmer i bratt terreng samt montering/demontering av røyrgater i bratt terreng.

Vi påtek oss alle typar oppdrag innan skogsdrift, materialtransport og anleggsvirksomheit.

Vi har investert tungt i ein maskinpark som gjer oss i stand til å dekke dei fleste typar oppdrag med eigne maskiner. Der det er behov for spesielle maskiner, har vi eit godt internasjonalt nettverk som gjer at vi kan leige inn spesialisert utstyr etter behov.

Maskinparken består i hovudsak av Mounty-kraner (for øvrig dei to første Mounty 4000-kranene i Skandinavia), KMS 12 U og Doosan 210 W med Woody 60. Woodliner sjølbgåande løpekatt i tillegg til det vanlege utvalet traktorar og tømmerhengarar.

Blant våre tilsette finn du alt frå skogsarbeidarar til mekanikarar, noko som sikrar svært høg driftstryggleik og gjer at vi kan påta oss dei aller fleste typar oppdrag.
Alle tilsette har PEFC-kurs.

Vi monterer Wyssen snøskredtårn, ein unik metode for å sikre vegar, jernbanestrekningar og skistadar mot snøskred.

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde