TESS

Slangevakt på TESS

TESS er ein norskeid og landsomfattande leverandør av produkt og tenester til industridrift og vedlikehald. Kjerneprodukta er høgtrykks- og lågtrykksslangar og slangearmaturar til alle føremål, med tilhøyrande tenester i vidt omfang.

TESS er den største leverandøren i landet av hydraulikkslangar, slangetilbehør og sveiseprodukt og driv med veldig mykje forskjellig, som sal av drifts- og vedlikehaldsprodukt, kle og vern, verktøy, slangar og koplingar, sveis og gass. Eit anna felt er Tess Hose Management (THM), ID-merking av slangar.

Ein lærling ved TESS har svært varierte arbeidsoppgåver, som pressing av hydraulikk- og bunkringsslangar, sørvisoppdrag på båtar og industribedrifter og sørvis på mindre maskiner. Han eller ho er elles problemløysar for kundane i butikken.

TESS har 24 timars slangevakt, det vil seie ei vaktordning der nokon rykkar ut til kundar til alle døgnets tider, same om det gjeld små mutterar eller 20 meter lange bunkringsslangar.

Eit stabilt personale i alle aldrar vitnar om eit godt og stimulerande miljø, der intern opplæring og rekruttering vert prioritert. Den stabile arbeidsstokken har gjort det enklare å byggje opp sørvis og kvalitet som to nøkkelomgrep.

Kring kjerneprodukta har TESS bygd opp eit stort tenestetilbod lokalt og ein eigen teknisk divisjon sentralt. I sistnemnte skjer blant anna produksjon av spesialslangar og produksjon av en rekke ferdigprodukt innan hydraulikk og subsea.

Marknaden er i første rekke industrikundar både on- og offshore. TESS har hovudkontor utanfor Drammen, der den starta i ein stall under namnet Teknisk Service as i 1968 av Erik Jølberg og Olav Nygaard.

TESS er i dag til stades i alle norske fylke, og har i tillegg avdelingar i Sverige, Danmark, Skottland, USA og Brasil.

Linn Merethe Sæle har nettopp teke fagbrev som logistikkarbeidar og jobbar hos TESS i Førde. Foto: Marit Bendz

Linn Merethe Sæle har nettopp teke fagbrev som logistikkarbeidar og jobbar hos TESS i Førde. Foto: Marit Bendz

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde