Tine SA avd. Byrkjelo

Eit av landets største meieri, målt etter innmålt mjølkemenge, ligg midt i jordbruksbygda Byrkjelo. Området har ei lang meieri-historie å vise til, men dagens toppmoderne anlegg vart opna i 2003. Meierisjef i Tine Meieriet Byrkjelo, Thorkild Heieren, fortel at dei forsyner heile Sogn og Fjordane med konsummjølk i tillegg til at dei produserer halvparten av Noregs favorittost – Norvegia. Kvar tredje brunost i landet er også laga på Byrkjelo. Tine er dermed ein vesentleg arbeidsplass i distriktet, og inntak av lærlingar er ein viktig måte å rekruttere nye fagfolk på.

Tine jobbar med eit avansert teknisk anlegg som heile tida er under endring. Kontinuerlege forbetringar, spesielt med tanke på å spare energi, minske driftskostnadane og redusere utslepp blir jobba med kvar dag. Produktkvaliteten er likevel det viktigaste.

Industrimekanikarlærling og fagleg leiar

Industrimekanikarlærling og fagleg leiar

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde