Vik Ørsta

Rekkverk som står for ein støyt:

VikØrsta AS avd. Vik i Sogn disponerer i dag store romslege produksjonslokale og ny varmforzinkingshall som vart teken i bruk i 2009. VikØrsta er totalleverandør av trafikktryggleiksprodukt til den norske marknaden og eksporterer og store kvanta til dei andre nordiske landa.

Vik Verk er kjend for å levere produkt med god kvalitet og å ha høg servicegrad. Produkta er testa og godkjende etter europeiske normer.

For å sikre seg nok og rett kompetanse har bedrifta kvart år tilsett nye lærlingar med hovudvekt innanfor sveisefaget og platearbeidarfaget. I tillegg er lærlingar innafor industrimekanikarfaget, CNC-maskineringsfaget og industriell overflatebehandling aktuelle.

Etter fullført læretid har dei som har ynskt det fått fast tilsetjing og mange av dei dyktige operatørane som arbeider her i dag har starta som lærlingar. Ei rekke eldre arbeidstakarar vil om få år gå av med pensjon, så behovet for nye medarbeidarar vil bli stort i nær framtid. Bedrifta har hatt ein stabil arbeidsstokk med lågt sjukefråvær.

Lærlingane som arbeider her i dag føler at dei er tekne vel i mot og set pris på det gode arbeidsmiljøet der HMS er prioritert, gode velferdsordningar, høve til å jobbe fleksitid og at det er lett å få fri dersom det er trong for det. Dei har kome godt inn i miljøet ved bedrifta då det er fleire unge kollegaer. Dei liker seg godt i Vik og det kan vere aktuelt å etablere seg her i bygda ein gong i framtida då det ikkje er alt for langt frå oppvekststaden. Her er mange og varierte tilbod innafor sport og friluftsliv med m.a. fotball, handball, bandy, nytt og moderne styrke/treningsrom og kort veg til nye, moderne alpinanlegg i regionen. Det er mange ungdomar i bygda og det har vore lett å kome inn i ungdomsmiljøet i Vik. Det er kort avstand til Voss og Sogndal, med gode kommunikasjonar aust/vest.

VikØrsta AS er eit resultat av fusjon i 2007 mellom Ørsta Stål, Ørsta og Vik Verk i Vik i Sogn. Bedrifta er ein del av SafeRoad Group og er i dag det største enkeltselskapet i konsernet.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Lærlingane i Vik, frå venstre: Kristoffer Midtbø Lidal (sveis), Sander Bakke Nesse (platearbeidar), Vidar Sjursen Gilje (sveis), Vegard Alme (nyleg fagbrev som industrimekanikar, fagbrev i sveis frå før) og Rune Følid (sveis og har frå før fagbrev som industrimekanikar).

 

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde