Lærebedrifter

Avery Dennison NTP

Ein lærling hos Avery Dennison NTP AS er med på å produsere Paris Saint-German-logoen på trøya til Zlatan Imbrahimovic. Hugo Boss og Calvin Klein, Nike og Adidas står også på den eksklusive kundelista til NTP i Gaupne.

Bilfinger Industrial Services, avd. Høyanger

Varierte arbeidsoppgåver, mange ulike arbeidsfelt og tre ulike arbeidsplassar er styrken til Bilfinger Industrial services som lærebedrift. Dei leverer eit stort spekter av produkt og tenester til industri, kraftverk og næringsliv. Tenestene vert levert i form av dokumenterte konsept og kommersielt partnarskap med kundane.

Bilfinger Industrial Services, avd. Svelgen

Varierte arbeidsoppgåver, mange ulike arbeidsfelt og tre ulike arbeidsplassar er styrken til Bilfinger Industrial Services som lærebedrift. Dei leverer eit stort spekter av produkt og tenester til industri, kraftverk og næringsliv. Tenestene vert levert i form av dokumenterte konsept og kommersielt partnarskap med kundane.

Bjarne Espe Trevarefabrikk

Det heile begynte i 1948 i eit lite verkstad i Hjelmelandsdalen på Nordfjordeid. Etter å ha gått på Holmøy Arbeidskule fekk Bjarne Espe kontrakt med Den Norske Husfliden i Oslo om å lage gyngestolar. Ilag med sittegrupper, trebollar og fat, utgjorde dette levebrødet dei første åra. Etter 1960 gjekk det meir over til å produsere kjøkken, bad og garderobar. Med skreddarsydde produkt, unikt handverk og auge for detaljar vart Bjarne Espe raskt kjend for kvalitet. Nordfjordkjøkkenet fekk sitt namn, og fabrikken var den første som begynte marknadsføring der namnet Nordfjord vart nytta. I dag er det 2. og 3. generasjon som driv bedrifta med 15 ansatte.

Cubus Florø

Cubus Florø finn du på AMFI Florø. Cubus er godkjent lærebedrift i salsfaget.

Elkem

Elkem Bremanger er ei internasjonal høgkompetansebedrift med kundar innan elektronikk, solceller, vindmøller og bilindustri. Bedrifta er delt i to forretningsområde; eit støyperi (foundry) og ein produksjonshall for silisium (Silicon Materials).

Ewos

Fiskeoppdrett har vorte ein av dei største og viktigaste næringane langs Norskekysten. Oppdrettsfisk treng fôr. Og fôrprodusenten treng lærlingar. EWOS er den største norske produsenten av fôr til laks og aure. Den største EWOS bedrifta ligger i Florø

Felleskjøpet, avd. Florø

Felleskjøpet i Florø er gått inn som medlemsbedrift hos PRO.

Fiskevegn

Fiskevegn er en ledende skandinavisk produsent av fiber, tauverk og fiskeredskaper. Bedriften ligger på Flatraket i Selje kommune, med Stadhavet som nærmeste nabo. Mange av våre ansatte har lang erfaring fra arbeid ombord i fiskebåter, både i innland og utland.

Fjord Pipe

Fjordpipe er ein av dei største røyrentreprenørane i Sogn og Fjordane, og jobbar med prefabrikkering og levering av komplette røyrsystem til landbasert industri, skip, offshore og bygg. Bedrifta er ein fleksibel samarbeidspartnar, som tek på seg oppdrag både på verkstaden og ute på installasjonar.

FMC Technologies

FMC Technologies er en verdensledende leverandør av systemer og løsninger til olje- og gassproduksjon på havbunnen.

Førde Mekaniske Industri

Av og til dukkar det opp ein oppfinnar på kontoret til den mekaniske bedrifta på Øyrane i Førde. Ikkje alle idear er like realistiske, men nokre av dei er så gode at det vert patent og produksjon, til dømes av grasfordelarane for silo som Førde Mekaniske Industri produserer og sel.

Gasta design og kommunikasjon

På Fosshaugane Campus i Sogndal finn du ein gjeng som er lidenskapeleg opptekne av nettsider. Med kundar i heile Noreg og innanfor eit fagområde som endrar seg fort, er det viktig for Gasta å ha med unge menneske på laget.

GasTech

Hovedkontoret til Gas Tech ligger i Førde, Sogn og Fjordane. Vår avdeling i Førde jobber med alle typer gassinstallasjoner. Alt i fra montering av gasspeiser i bolig, installasjon av gasstanker til bolig og industri, installasjon av gassutstyr til storhusholdning samt en egen avdeling for montering av bilgass.

Hagen

Trapper er eit eige fag som det tek tid å lære seg. Det som tek tid å lære vert utøvd med stoltheit. Hus må ha trapper. Og dei beste trappene er laga av tre. Den største trappeprodusenten i Noreg ligg i Stryn. Hagen har moderne og nytt utstyr og ligg veldig langt framme innan teknologi og nysatsing.

Halliburton

Halliburton i Florø er ein basestasjon som produserer og leverer ulike kjemikaliar til boreoperasjonar i Nordsjøen. Lager og logistikk på tvers av basar og offshore er også ein større del av drifta.

Hardangerfrakt AS

Hardangerfrakt har 2 båter i drift, og driv med bulkfrakt av sand og asfalt langs Vestlandskysten. Bedrifta er lokalisert på Oppedalsøyra i Gulen,har både verkstad og slipp. Her driv Hardangerfrakt med alt av vedlikehald og førefallande arbeid på eige utstyr. Lærlingar her får ei allsidig erfaring.

Haug Offshore

Erling Haug AS er i dag en del av Certex-divisjonen, som eies av det svenske Axel Johnson-konsernet. Certex-divisjonen er ledende i Europa innenfor produksjon av ståltau og løftekomponenter, med egen distribusjonskjede som er aktiv i mer enn 11 land og med ca. 45 utsalgssteder.

Havyard Ship Technology

Skipsverftet ligg i Leirvik i Hyllestad Kommune, som har knapt 1500 innbyggjarar. Havyard er eit fullintegrert selskap innan skipsdesign, skipsbygging, systemleveransar og ettermarknad.

I.O.S Tubular Management

I.O.S Tubular Management er ei offshoreretta servicebedrift som i hovudsak utfører maskinering av olje- og gasstette gjengeforbindelsar på “nedihullsutstyr”, det vil seie røyr og andre komponentar som går ned i ein olje- eller gassbrønn.

Klausen Industrier

Klausen Industrier Svelgen vart etablert i 1990 som ei moderne, allsidig servicebedrift. Avdelinga er ein viktig ressurs for smelteverksindustrien i Svelgen.

Kleive Mekaniske & Industriservice

Dei viktigaste produktområda til KMI er isolasjonsprodukt til bygg og anlegg, emballasje til fisk og andre næringsmiddel og formstøypte spesialprodukt.

Luster Mekaniske Industri

Vil du bli fleirfagleg og høgt kvalifisert sveisar eller industrirøyrleggjar? Luster Mekaniske Industri treng deg. Norsk sokkel har i mange år vore den største offshoremarknaden i verda og det vert investert som aldri før.

Maritime Montering

Maritime Montering er leverandør av komplette marine og offshore overnattingsystem. Maritime Montering starte som et snikkarverkstad i Bygstad i 1981. I dag består det av åtte dotterselskapet, der Maritime Montering er hovudselskapet i Marinacc gruppen.

Multi Offshore

Multi Offshore er en leverandør for onshore og offshore industrien i tillegg til at dei deltar i ombyggingsprosjekt innan rigg og skip i Mongstad hamnebasseng. Dei leverer også elektro tenesta til skip og rigg. Produktutvikling og produksjon av automatiserte kontrollskap og tavler.

Nesseplast

Nesseplast er ein av EPS-pionerane i Noreg. Starten i 1957 var prega av fryseisolasjon og fiskeemballasje, men har utvikla seg til å omfatte alt innafor emballasje og tekniske produkt i isopor (EPS).

Nortronik AS

Nortronik AS har hovedkontor i Førde og avdelingskontor på Lillestrøm. Nortronik er en totalleverandør innen brannvern, brannalarmanlegg, røykdykking og slokkeanlegg for brannslukking med gass. Organisasjonen består av 14 tilsette med bred og variert kompetanse på fagområder som brannvern og brannsikkerhet.

Nortura avd. Sogndal

I Sogndal konsentrerer Nortura seg om foredling av råvarer, nærmere bestemt spekemat og pinnekjøtt. Foredlingsfabrikken i Sogndal lager spekemat og pinnekjøtt med høy kvalitet. Sognemorr, og Vestlands-pinnekjøtt er to av produktene bedriften er kjent for. Flere ganger har de fått det edleste metallet for Norges beste produkter. Nortura Sogndal har ca. 95 årsverk.

Nyrstar

Nyrstar har spesialisert seg på å skape nye, verdifulle råmateriale til bruk i industrien frå avfall. Hovudaktiviteten er å behandle filterstøv frå stålindustrien i Europa som er rikt på sink, i det høgteknologiske anlegget i Høyanger.

Østerbø Maskin

Som lærling hos oss kjem du til ei innovativ bedrift mellom høge fjell i Sogn. Vi har lang erfaring som praktisk problemløysar for industri, havbruk, offshore, landbruk, bygg og anlegg, samt brei erfaring med industrivedlikehald, både elektro, automasjon og mekanisk. Vi har maskinforretning og serviceverkstad for det meste innan bransjen. Vi er importør av Reform maskiner for landbruk og park/anlegg, Himoinsa strømaggregat og forhandlar av Yanmar notvaskar. Sidan Arne O. Østerbø starta opp åleine i 1977, har Østerbø Maskin AS vokse til å verte den største bedrifta på sørsida av Høyanger. Vi strekker oss etter å skape litande løysingar for kundane våre!

Pelagia

Pelagia er den største produsenten i verda av konsumprodukt av pelagisk råstoff, det vil i første rekke seie sild, makrell, hestmakrell, lodde og kolmule.

PRO Opplæringskontoret

Gjennom fleire år har det vore mangel på fagarbeidarar i ein industri i stadig endring. Opplæringskontoret for prosessfag i Førde vart i si tid oppretta nettopp for å bøte på dette. I dag har vi over 38 medlemsbedrifter og kring 120 lærlingar i arbeid rundt om i heile Sogn og Fjordane. Lærebedriftene tek i mot lærlingar i kring 25 ulike fag.

R-Profile AS

R-Profile As vart stifa i 2007 under navnet Reklameloftet Digma AS. Dei har spesialisert seg på å levere dei fleste typer effekter som blir brukt innan reklame i dag. R-profile betegner seg som ei grafisk produksjons bedrift, som fokuserer på å utvikle ideer fra skisse til ferdige kommunikasjonsprodukter.

Rørlegger R. Nigardsøy

Er du lærling i ei lita bedrift får du god oppfølging. Røyrleggjarbedrifta R Nigardsøy i Svelgen har åtte tilsette og jobbar tett opp mot Elkem Bremanger. Bedrifta har hatt fleire lærlingar innafor industrirøyrleggjar- og VVS-røyrleggjarfaget.

Safeclean

SafeClean AS vart etablert i 2002 og har sidan den tid spesialisert seg på rengjering av offshore relaterte system og komponentar. Servicen blir tatt både offshore og onshore. SafeClean er eit innovativt selskap og har eit mål om å være den leiande problemløsar for kundar innenfor vårt tjenestespekter. SafeClean er etablert med hovedkontor og prosesseringsanlegg i Høyanger, Sogn og Fjordane.

Saint Jean Wheels

Solheim Diesel

Dersom du liker å jobbe med båtar og motorar, er Solheim Diesel bedrifta for deg. Her er både båt- og motorverkstad, der ein reparerer båtar og båtmotorar, og butikk for det meste innan båtliv.

Solund Verft

Solund Verft er eit fleksibelt og allsidig verft som driv både med nybygg, utrustning, ombyggingar, reparasjonar og vedlikehald av fartøy. Kundegruppene er fiskebåtar, lastebåtar, ferjer, oppdrettsbåtar, oppdrettsflåtar, brønnbåtar og oppdrettsflåtar.

Stadpipe

Stadpipe AS er et firma der kjernevirksomheten er basert på produksjon av rørdeler og spesialdeler i plast. Montering av komplette rørinstallasjoner er og ein del av kvardagen. Forretningsområdene kan ein stort sett dele i fire: oppdrett, industri, fiskeri og produksjon.

Staro Tech

Staro Tech A/S kan tilby tjenester med tegning, produktutvikling og konstruksjon. Vi har allerede flere suksesshistorier og hjelper gjerne til med å skape flere. Hydraulikk reparasjon, vedlikehold, feilsøking eller konstruksjon. Vi har lang erfaring og god kompetanse. Vi utfører maskinering ved hjelp av styre freser og dreiebenker.

Stryvo Bismo

Stryvo Group AS tok 12. februar 2013 over driften av Bismo Industrier AS og Bismo Maskinering AS, under det nye selskapet Stryvo Bismo AS. Stryvo Bismo AS vil ikke ofre kvaliteten på sine produkter for å oppnå knappe leveringstider og / eller kortsiktig fortjeneste. Gjennom grundig planlegging, dokumentasjon og testing skal vi til enhver tid levere kvalitetsprodukter. Selskapet er godkjent som lærebedrift innen tre fag. Stryvo Bismo AS satser bevisst på utdanning av lærlinger, samt etterutdanning og oppgradering av eget personell.

Sunnfjord Industri AS

Ved gamlevegen over Ramsdalsheia mellom Førde og Florø ligg ei lita og fersk lærebedrift. Ikkje akkurat sentralt, men det er ikkje noko ulempe heller. Av og til går det nokre spenstige transportar ned dalen, oppdrag som treng dispensasjon når lasta er både for høg, for lang og for brei.

Swire Oilfield Services

Den første kunden til Swire Oilfield Services i Florø for 20 år sida var Saga Petroleum, som på den tida var operatør for Snorre-feltet. Seinare har aktiviteten og avdelinga vokse jamt, og driv no med utleige, vedlikehald, kontroll og sertifisering av transportutstyr, vask av tankar og omlasting av kjemikaliar.

T.Frivik Taubanedrift

T. Frivik Taubanedrift AS vart etablert i 2004 og er no den leiande aktøren i Norge på uttak av tømmer i bratt terreng samt montering/demontering av røyrgater i bratt terreng. Vi påtek oss alle typar oppdrag innan skogsdrift, materialtransport og anleggsvirksomheit.

Teekay Petrojarl

TESS

TESS er ein norskeid og landsomfattande leverandør av produkt og tenester til industridrift og vedlikehald. Kjerneprodukta er høgtrykks- og lågtrykksslangar og slangearmaturar til alle føremål, med tilhøyrande tenester i vidt omfang.

Tine SA avd. Byrkjelo

Eit av landets største meieri, målt etter innmålt mjølkemenge, ligg midt i jordbruksbygda Byrkjelo. Området har ei lang meieri-historie å vise til, men dagens toppmoderne anlegg vart opna i 2003. Meierisjef i Tine Meieriet Byrkjelo, Thorkild Heieren, fortel at dei forsyner heile Sogn og Fjordane med konsummjølk i tillegg til at dei produserer halvparten av Noregs favorittost – Norvegia. Kvar tredje brunost i landet er også laga på Byrkjelo. Tine er dermed ein vesentleg arbeidsplass i distriktet, og inntak av lærlingar er ein viktig måte å rekruttere nye fagfolk på.

Trappeprodusenten

Agnar Ask er tredje generasjon møbel- og trappemakar. Fjerde generasjon er på veg inn som lærling i den tradisjonsrike Trappeprodusenten i Askvoll. Trappeprodusenten lagar ikkje berre trapper, men alt som kunden etterspør

Vik Ørsta

VikØrsta AS avd. Vik i Sogn disponerer i dag store romslege produksjonslokale og ny varmforzinkingshall som vart teken i bruk i 2009. VikØrsta er totalleverandør av trafikktryggleiksprodukt til den norske marknaden og eksporterer og store kvanta til dei andre nordiske landa.

Wergeland Holding AS

Wergeland gruppa er lokalisert i Gulen industrihamn vis à via Mongstad. Konsernet har aktiviteter innan miljøservice, betong, industriutvikling, havne- og marine tjenester.

Westmek

På Stadlandet har det sidan midten av 1990-talet blitt produsert utstyr av god kvalitet til å behandle fisk ombord i havgåande fiskefartøy. Westmek AS er ei videreføring av denne type verksemd og selskapet blei etablert i 2004.

Yndestad Mekaniske AS

Yndestad Mekaniske AS er ei allsidig mekanisk bedrift retta inn mot landbruk og industri.

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde