Tenning på teknologi

Traileren som tenner små og store på teknologi

trailer

Vil du oppdatere deg på det nyaste innafor teknologien? Då kjem du ikkje utanom eit besøk i traileren som er fylt med det siste på marknaden.

Det siste nye er sveiseroboten. Traileren er spekka med teknologi som er ny for mange innafor skuleverket og næringslivet i fylket. PRO lyttar til ønska frå medlemane, og prøver så langt råd er å fylle traileren med ”teknologi som gir tenning”.

Det er mange ulike grupper som har vore innom dørene til traileren. Alt frå besøk av små, nysgjerrige barnehageungar, skuleelevar i alle aldrar og lærevillige lærlingar til skuletilsette og fagfolk frå bedrifter som treng inspirasjon og oppdatering på det siste nye innafor teknologien.

Det er viktig at traileren er i bruk. Anten at folk besøker PRO Opplæringskontoret i Førde, eller at traileren reiser ut på turné.

Kontakt PRO-kontoret. Kalenderen blir fylt opp etter ”først-til-møllaprinsippet.

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde