Vegen vidare

Inga anna utdanning gjev så stor fleksibilitet som fagutdanning. Alle vegar står opne, både i arbeidslivet og til vidare spesialisering og utdanning.

Fagskule

Fagskuleutdanning byggjer på vidaregåande opplæring eller tilsvarande realkompetanse, og er eit alternativ til høgskule- og universitetsutdanning. Opptakskravet til fagskuleutdanning er yrkeskompetanse, med eller utan fag-/sveinebrev, eller generell studiekompetanse.

Fagskulen gjev ei yrkesretta vidareutdanning som kan takast direkte i bruk i arbeidslivet. Du lærer å kombinere teori og praksis ved å arbeide med jordnære oppgåver.

Med fullført fagskule har du mange moglege vegar å gå vidare, mellom anna som mellomleiar i privat og offentlig sektor. Utdanninga varer frå minimum eit halvt studieår til maksimum to studieår. Godkjent fagskuleutdanning gir rett til lån og stipend i Lånekassen.

Fagskulen Sogn og Fjordane

Fordjupingsområdet maskinteknikk utdannar fagteknikarar som skal kunne ta ansvar for konstruksjon og utvikling av produksjonsprosessar. Fordjupingsfaga tek for seg prosjekt- og kvalitetsstyring, verkstadteknisk automatisering, dataassistert konstruksjon (DAK) og tilverkings- og konstruksjonsteknikk.

Faget opnar for ei rekkje jobbar innan landbasert industri og offshore. Fullført utdanning kvalifiserer til stillingar som driftsassistent, rasjonaliseringsteknikar, driftsleiar, konstruktør, driftsteknikar, vedlikehaldsteknikar, verksmeister, planleggjar, formann, kalkulatør, kontrollteknikar og faglærar i vidaregåande skule.

Andre fag er automatisering, bygg, anlegg, elkraft, eldreomsorg og psykisk helse. I tillegg har Fagskulen i Måløy skipsteknikk og nautisk line.

Høgskule

Y-vegen er eit tilbod til deg som har fagbrev innanfor elektro og ønskjer å ta bachelor i ingeniør elektro – automatiseringsteknikk. Her får du spesialisere deg i automatisering i eit praktisk studium, der http://www.cialispharmaciefr24.com/cialis-pas-cher-europe/ arbeid på laboratorium er sentralt.

Næringslivet https://www.acheterviagrafr24.com/sildenafil-prix-pharmacie-mg/ tilbyr både praksis og traineestillingar, og som elektroingeniør vert du ettertrakta på jobbmarknaden.

Høgskulen i Sogn og Fjordane, avd. Førde

Y-vegen opna i Førde ved Høgskulen i Sogn og Fjordane hausten 2009, og gjorde det mogleg å gå direkte frå fagbrev til ingeniørutdanning innan automasjon og elektro.

Treårig bachelor i ingeniørfag, elektro – automatiseringsteknikk startar med eit 6 vekers sommarkurs i matematikk. Det første studieåret følgjer du dei ordinære emna i ingeniørutdanninga, bortsett frå eit eige opplegg for elektrofaga og kvalifiserande fysikk og norsk. Dei studieførebuande kursa i fysikk og norsk går parallelt med dei andre emna første året.

Frå og med andre studieår følgjer du alle dei ordinære emna på ingeniørutdanninga.

Enda lenger

Har du framleis ikkje fått nok teoretiske kunnskapar, ligg vegen open for vidare studiar ved høgskular og universitet.

Fagskulen i Sogn og Fjordane, avdeling Førde

www.fagskulen.no

Høgskulen i Sogn og Fjordane, avdeling for ingeniør- og naturfag.

www.hisf.no

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde