Dataelektronikarfaget

Ein dataelektronikar kan få arbeid i mange typar små og store bedrifter i dei fleste delar av nærings- og arbeidslivet. Viktige oppgåver er installasjon, drift og vedlikehald av ulike elektroniske system, datasystem og nettverk, bruk og behandling av utstyr, programvare, informasjon og data, oppretting av kommunikasjon mellom ulike typar utstyr og system, arbeid med sikkerheit, feilsøking og kommunikasjonsproblematikk, rådgiving overfor kunde i val og bruk av utstyr og system og utarbeiding av kundetilpassa dokumentasjon Du bør vere interessert i utvikling og ny teknologi og ha gode haldningar med omsyn til personvern og etikk. Du skal kunne ta initiativ, arbeide effektivt og vise god vurderingsevne. Du bør vere sørvisinnstilt og kunne lytte til kunden sine ønskje og behov.

Elkem

Produsent med miljøfokus Elkem Bremanger er ei internasjonal høgkompetansebedrift med kundar innan elektronikk, solceller, vindmøller og bilindustri. Bedrifta er delt i to forretningsområde; eit støyperi (foundry) og ein produksjonshall for silisium (Silicon Materials). I tillegg kjem innkjøp, logistikk/materialadministrasjon, laboratorium, råstoff, transport, reinseanlegg, eldfast, økonomi, HMS, IT og personal.

Ewos AS

Største fôrfabrikken i verda EWOS Fiskeoppdrett har vorte ein av dei største og viktigaste næringane langs Norskekysten. Oppdrettsfisk treng fôr. Og fôrprodusenten treng lærlingar. EWOS er den største norske produsenten av fôr til laks og aure, og ein del av EWOS-gruppa som har fabrikkar i Skottland, Canada, Chile og Vietnam.

Gasta design og kommunikasjon

Gasta har eksistert sidan 1998 og består av seks tilsette med lidenskap for design og digital kommunikasjon. Mest av alt vil vi arbeide med å skape gode nettsider basert på Squarespace, men vi arbeider også mykje med merkevare- og designprosjekt.

Neisa Norway AS

Our terrain has no borders.

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde

Logg inn OLKWEB