Platearbeidarfaget

Arbeidsplassar for platearbeidarar finst mellom anna innanfor kjemisk og mekanisk industri, oljeverksemd, skipsindustri og treforedling. Du arbeider med detaljforming av tjukke og tynne plater, røyr og profilar, samansetjing av delane til større komponentar og konstruksjonar, handtering av materiale, hjelpestoff og verktøy for materialbearbeiding, bruk av alle typar platebearbeidingsmaskiner og vedlikehald og feilsøking på verktøy og sveiseutstyr Ein platearbeidar må kunne arbeide nøyaktig, effektivt og strukturert, både sjølvstendig og saman med andre. Du bør ha teknisk innsikt, sosial kompetanse og godt handlag.

Bilfinger Industrial Services Norway AS, avd. Høyanger

Bilfinger Industrial Services Norway AS, med hovedkontor i Porsgrunn, er en del av det tyske konsernet bilfinger se, et av Europas ledende selskaper innen industrielt vedlikehold og service. Bilfinger Industrial Services Norway er en tverrfaglig leverandør av prosjekter, vedlikehold og service til prosessindustri og energiprodusenter i Norge.

Daco Mekaniske

Velkommen til Daco Mekaniske AS Me held til på Kaupanger industriområde i Sogndal kommune og utfører alle typar oppdrag innan sveising, platearbeid, industrirøyrlegging, maskinering og konstruksjonar. Me utfører stadig oftare spesialoppdrag etter ynskje frå våre kundar innan offshore og næringsmiddelindustrien med heile verda som leveringsadresse.

Havyard Ship Technology

Skipsverftet ligg i Leirvik i Hyllestad Kommune, som har knapt 1500 innbyggjarar. Havyard er eit fullintegrert selskap innan skipsdesign, skipsbygging, systemleveransar og ettermarknad.

Klausen Industrier

Klausen Industrier Svelgen vart etablert i 1990 som ei moderne, allsidig servicebedrift. Avdelinga er ein viktig ressurs for smelteverksindustrien i Svelgen.

Solund Verft

Solund Verft er eit fleksibelt og allsidig verft som driv både med nybygg, utrustning, ombyggingar, reparasjonar og vedlikehald av fartøy. Kundegruppene er fiskebåtar, lastebåtar, ferjer, oppdrettsbåtar, oppdrettsflåtar, brønnbåtar og oppdrettsflåtar.

Sunnfjord Industri AS

Ved gamlevegen over Ramsdalsheia mellom Førde og Florø ligg ei lita og fersk lærebedrift. Ikkje akkurat sentralt, men det er ikkje noko ulempe heller. Av og til går det nokre spenstige transportar ned dalen, oppdrag som treng dispensasjon når lasta er både for høg, for lang og for brei.

Vik Ørsta

VikØrsta AS avd. Vik i Sogn disponerer i dag store romslege produksjonslokale og ny varmforzinkingshall som vart teken i bruk i 2009. VikØrsta er totalleverandør av trafikktryggleiksprodukt til den norske marknaden og eksporterer og store kvanta til dei andre nordiske landa.

Yndestad Mekaniske AS

Yndestad Mekaniske AS er ei allsidig mekanisk bedrift retta inn mot landbruk og industri. Per idag er det ti tilsette i bedrifta i Bygstad i Gaular, Vestlandet. Bedrifta jobber i stål, rustfritt og aluminium, og produserer bl.a. røyr og luker til småkraftsindustrien.

Footer

pro_logo_sw.png

Pro Opplæringskontor for industri- og teknologifag

Concordbygget, Firdavegen 6

6803 Førde

Logg inn OLKWEB